– Vi må redde verdas hav for å ta vare på vårt livsgrunnlag, og regjeringa trappar difor opp vår internasjonale innsats, seier utviklingsminister Nikolai Astrup (H).
I revidert nasjonalbudsjett aukar bistandsprogrammet mot marin forsøpling frå 150 millionar kroner til 280 millionar kroner, opplyser Astrup.
– Om ikkje verda endrar kurs, risikerer vi at det vil vere meir plast enn fisk i havet i 2050. Noreg skal ta ei leiarrolle i arbeidet for reine hav, seier han.
Havsatsing
Utviklingsministeren opplyser også at han har vore i dialog med Verdsbanken om eit initiativ til å etablere eit globalt fleirgjevarfond.
– Verdsbanken er positiv til ideen og ser også på moglegheita for å inkludere initiativet under ein større overordna satsing på hav, seier han.
Hos bransjeorganisasjonen Avfall Norge legg ein merke til Astrups ambisiøse målsetjing og slår fast at statsråden har lukkast med eitt av to grep for å gjere noko med plastproblemet i utviklingspolitikken: å gjere avfallspolitikk sentralt i det multilaterale arbeidet.
– No står det berre att å gjere det same i alle norske bilaterale utviklingsprosjekt, seier kommunikasjonssjef Torbjørn Sølsnæs.
Mottak av søppel
Han seier at det viktigaste å setje i gang med no, er å få på plass gode mottaks- og behandlingssystem for avfall i utviklingsland.
– Det er svært lite hjelp med masse opprydding om det ikkje finnast noko stad å levere søppelet. Her kan norsk avfalls- og gjenvinningsbransje jobbe saman med utviklingsministeren, og eksportere gode avfallsløysingar som sikrar god behandling og industriell utvikling basert på avfallsressursane, seier Sølsnes.
Det fulle reviderte nasjonalbudsjettet blir lagt fram 15. mai.