Hopp til innhold

Reed med nytt firma

Gründer og hovudaksjonær i Eurofoto, Per Svein Reed, har saman med styreformann i Eurofoto, Atle Hauge, starta føretaket Datasafe AS.

Per Svein Reed
Foto: NRK

Bedrifta skal fungere som ei felles plattform til å lagre og selje bilete for fagfotografar.

- Stor interesse

Bedrifta er enno i etableringsfasen, men ifylgje Reed sjølv er det meldt om stor interesse. Dei har alt investert fire millionar kroner i nytt datautstyr.

Konseptet er heilt nytt, og har også fått merksemd internasjonalt.

Datasafe AS håpar å vere i gang i løpet av hausten.