NRK Meny
Normal

Redningsmannen måtte sjølv ha hjelp då han heldt på å søkke

MÅLØY (NRK): Han har vore redningsskøytearbeidar i tretti år. På onsdag måtte Magne Sætren (76) for første gong bli berga av sine eigne.

Redningskøyta Halfdan Grieg bergar sjark i Måløy

VART BERGA: I mange år har Magne Sætren (76) hjelpt folk i havsnød. Denne veka fekk han sjølv erfare korleis det er å hamne i knipa.

Foto: Bjarne Eldevik

Det var på onsdag at den pensjonerte skipperen var nær ved å søkke etter å ha køyrt sjarken rett i eit berg utanfor Vågsøy. Etter førtisju år på sjøen var det første gong han måtte be redningsskøyta om hjelp, der han sjølv var kaptein i mange år.

– Det var rein uoppmerksomhet og ikkje noko anna, vedgår Sætren.

Stolte på autopiloten

Han var på veg heim til Måløy etter å ha vore og fiska etter sei. På grunn av problem med loket på drivstofftanken, vart han oppteken med heilt andre ting enn å styre.

Magne Sætren måtte få assistanse

INGEN SKAM: – Eg er ein vanleg mann som kan gjere feil som alle andre, seier Sætren.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Han sette båten på autopilot i sju og ein halv knops fart og gjekk inn i lugaren for å fikse problemet.

– Mens eg stod og bala med dette, så for eg på land for full musikk. Det smalt noko infernalsk, fortel Sætren.

Han vart kasta framover i lugaren og trefte eit bord så hardt at det eine beinet vart slått av.

– Eg fekk klemt all lufta ut av meg og trudde ei stund eg skulle svime av. Men det gjekk heldigvis fort over, seier Sætren.

Sjarken Øyvåg blir lensa for vatn av redningsskøyta

VART BERGA: Sjarken vart frakta trygt til hamn i Måløy av redningsskøyta Halfdan Grieg.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Måtte til sjukehus

Mens vatnet fossa inn i båten og med store smerter i ryggen, klarte han å bakke ifrå og fekk styrt mot grunnare sjø. Der kunne han konstatere at baugen hadde fått ei flerre på om lag seksti centimeter under vasslinja.

– Hadde eg blitt ståande, så hadde eg gått under. Sånn er det, seier Sætren.

Brannvesenet og ambulansen rykte raskt ut. Sætren vart køyrt til sjukehus, medan brannmannskapet og redningsskøyta tok seg av båten.

– På sjukehuset køyrde dei meg gjennom alle maskinene dei hadde. Men legen sa eg var 120 prosent frisk, seier Sætren.

Skaden i ryggen er ikkje verre enn det vil gå over av seg sjølv etter nokre dagar. Men sjølvtilliten har kanskje fått seg ein knekk?

– Nei då, dette er slikt som skjer frå tid til annan. Eg er ein vanleg mann som kan gjere feil som alle andre, seier Sætren.

Laster kart, vennligst vent...