Hopp til innhold

Sjøredningskorpset manglar 15-30 frivillige

Måløy Sjøredningskorps manglar så mange frivillige at operativ leiar Marius Strømmen fryktar følgjer for liv og helse.

Marius Strømmen

UROA: Operativ leiar, Marius Strømmen, fryktar følgjene av mannskapsmangelen hos sjøredningskorpset i Måløy.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sjøredningskorpset har berre 15 medlemer, medan behovet er 40–50.

Mannskapsmangelen har ført til at MOB-båten «Simrad Buholmen» fleire gonger har blitt meldt ut av teneste, skriv Fjordenes Tidende.

– Minutta kan fort bli dyre når det oppstår ein situasjon. Om redningsskøyta er på oppdrag ein annan stad, eller ligg ved kai lengre unna, kan det ta fleire timar før redningsskøyta når fram, seier operativ leiar, Marius Strømmen, til Fjordenes Tidende.

– Uheldige situasjonar

Simrad Buholmen i Måløy

MANGEL: Simrad Buholmen har frå tid til annan blitt meldt ut av teneste grunna mannskapsmangel.

Foto: Privat

Mangelen på frivillige gjer at sjøredningskorpset ikkje kan organiserast på ein best mogeleg måte. Strømmen seier ynsket er frivillige i vaktlag som har vakt ei veke i månaden.

Han legg til at korpset har vore avhengige av fleksible og gåvmilde frivillige. Simrad Buholmen er ei av Redningsselskapet sine 16 skøyter som blir drivne av frivillige sjøredningskorps.

– Slik situasjonen er no, så er vi på stadiet der det er vanskeleg å halde båten operativ til ei kvar tid. Det kan komme situasjonar der vi må melde ut båten, noko som igjen kan føre til uheldige situasjonar, seier Strømmen til NRK.no.

Døgnberedskap

Marius Strømmen og Håvard Svoren

TRENG FLEIRE: Marius Strømmen, her i samtale med frivillige Håvard Svoren, seier redningsselskapet kunne vore flinkare med rekrutteringa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Redningsselskapet har 41 operative redningsskøyter i beredskap. 25 av desse er kraftige med fast tilsett mannskap.

Dei mindre redningsskøytene skal hjelpe dei større skøytene med mindre oppdrag, eller når desse ikkje når fram grunna storleik eller avstand.

– Det frivillige sjøredningskorpset har ein del oppgåve i samarbeid med den store redningsskøyta som ligg fast i Måløy. I tillegg har vi ein beredskap utover heile døgnet, som gjer at vi held oppe tryggleiken på sjøen, seier Strømmen til NRK.no.

Avheng av frivillige

Peter Bratli, maskinist på Halfdan Grieg, den fast bemanna redningsskøyta i Måløy, seier til Fjordenes Tidende at det er viktig at begge skøytene er operative.

– Berre for nokre år sidan hadde vi eit søk som gjekk over fleire dagar, og då er det veldig viktig med friske auge etter tre-fire timar. Vi er heilt avhengige av å ha nok frivillige til å kunne rullere, seier han.

Byggjer nytt

Redningsskøyta Halfdan Grieg i Måløy.

NYTT: Sjøredningskorpset er i gang med å byggje opp nye lokale.

Strømmen vedgår at korpset både kunne og burde vore flinkare i rekrutteringsarbeidet siste tida.

Han meiner det er reelt å komme opp i 30–40 medlemer.

– Det må vi sjå på. Men det er også mykje fordi vi har hatt mangel på lokale og vore dårlege på samlingar. No held vi på å byggje ny base i Måløy, og vil ifølgje med det klare å halde oppe mykje større aktivitet blant medlemer, både med tanke på kursing, sosiale samlingar og slikt, avsluttar Strømmen.