Hopp til innhold

Raude tal for Sogndal Fotball

Sogndal Fotball gjekk nok ein gong i minus i fjor. Det offisielle underskotet kom på nærmare 1 million kronrer - det reelle er langt strørre.

Fosshaugane Campus

GJEKK MED TAP: Toppidretten i Sogndal var inga gullgruve i 2009.

Foto: Marit Hommedal, Nyhetsspiller / SCANPIX

Samla gjekk toppfotballen i Sogndal med eit underskot på 7 millionar kroner i 2009.

Det skriv Firda laurdag.

– Har kontroll

Sogndal Fotball AS er bokført med knappe millionen i underskot før skatt, mens dei resterande 6 millionar kronene er bokført i rekneskapen til sjølve idrettslaget Sogndal IL Fotball.

– Det kan sjå dramatisk ut, men vi meiner vi har god kontroll på økonomien, seier dagleg leiar Egil Mundal til avisa.

I 2008 var underskotet i Sogndal Fotball AS på 2,9 millionar kroner.

25 mill. i leigeinntekter

Sogndal Fotball eig 15.000 kvadratmeter bygningsmasse med ein bokført verdi på 216 millionar kroner. Alt utleigeareal på Fosshaugane Campus er no fullsett, med om lag 30 leigetakarar der Høgskulen i Sogn og Fjordane er den største.

I år har Sogndal budsjettert med 25 millionar kroner i leigeinntekter frå anlegget som omfattar både stadion og Sognahallen. Klubben har ikkje budsjettert med opprykk eller sal av spelarar.

I inneverande år driv klubben med eit stramt spelarbudsjett på ni millionar kroner.

– Med 24 i troppen betyr det at det ikkje er rom for millionløner, seier Mundal til Firda.

Cup og opprykk kan bli god butikk

Vinn Sogndal kvartfinalen Follo i cupen 15. august kan laget vente seg ein pen slant med pengar frå Norges Fotballforbund. Står laget dessutan distansen ut heile hausten, er eit opprykk til eliteserien verd millionar i auka sponsor- og medieinntekter.

I takt med gode sportslege resultat har Sogndal også hatt gode publikumstal på heimekampane så langt i år.