NRK Meny

Her er tala som får oppdrettsmillionæren til å sjå raudt - difor stenger Braanaas Skjerjehamn

Kystidyllen Skjerjehamn har vore eit tapssluk for oppdrettsmillionæren Ola Braanaas. Sidan 2011 har gjestgjevarstaden gått med eit samla underskot på nær 3,5 millionar kroner. No er dørene stengd.

Skjerjehamn med rekneskapstal
Foto: Arkiv / NRK

Artikkelen er mer enn to år gammel.

– Eg har jo primært eit stort engasjement for å prøve å få Skjerjehamn til å gå rundt. Det ville vere veldig trist om vi ikkje får den verksemda til å gå vidare. Vi jobbar no med å få på plass ei drift for 2015, seier Ola Braanaas til NRK måndag etter at det i helga blei kjend at han stenger drifta av Skjerjehamn.

Tall frå Proff Forvalt syner at den populære gjestgjevarstaden i Gulen har gått med underskot kvart år sidan 2011, og at det samla underskotet fram til 2013 er på 3,46 millionar kroner. Inntektene for verksemda auka i fjor til 8,1 millionar, og Skjerjehamn har heller ingen panteheft eller betalingsmerknader.

– Vi skal ikkje gje oss på tap, men formueskatten er ikkje med på å styrke lysten til å gjere ein stor innsats, seier Braanaas.

Han meiner at skatten han må betale for si formue, som i 2013 var på nær ein halv milliard, er ei medverkande årsak til at han no ikkje lenger kan drive Skjerjehamn. I alle fall ikkje på den måten det har vore drive til no.

– Når vi har lagt ein masse arbeid i det, går med underskot og på toppen av det må betale formuesskatt for å sitje på det anlegget, så synest eg det er eit veldig dårleg bidrag frå samfunnet si side.

– Ikkje noko imot å betale skatt

– Men er det ein formyeskatt på nokre hundre tusen som er avgjerande for om Skjerjehamn skal gå rundt eller ikkje?

– Det syner korleis samfunnet rundt oss og politikarane verdset vi som prøver å få til noko. Om vi hadde hatt overskot på Skjerjehamn så skulle eg gjerne betalt skatt for det overskotet. Men her er det ein skatt på noko vi taper pengar på i utgangspunktet, og det er gale, slår Braanaas fast.

Det er særleg den skatten på det som blir kalla for arbeidande kapital Braanaas vil til livs, og hevdar at han slett ikkje har noko i mot å betale skatt reint prinsipielt sett.

– Eg har ikkje noko imot å betale skatt. Eg synest det er heilt ok å betale selskapsskatt, inntektsskatt og utbyteskatt. Men det eg synest er feil er å betale formuesskatt på arbeidande kapital.

Braanaas betalte i fjor om lag åtte millionar i skatt sjølv, ifølgje tal frå Skattetaten.

Vil vurdere formueskatten

KrF-politikar Trude Brosvik bur berre nokre mil frå Skjerjehamn, og er i utgangspunktet samd med deler av det Braanaas meiner.

– KrF har ønska å ta vekk formuesskatt på arbeidande kapital, men formueskatten er meir enn akkurat det. Eg tenkjer at her må ein finne ei løysing som til dømes Sverige har, der ein skil mellom kva som er pengar som står fast i bedrifta og som ein ikkje kan ta ut utan å øydeleggje bedrifta, og rein formue, sa Brosvik i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane i ettermiddag.

På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.