Hopp til innhold

Rådmannen fekk rase frå seg på Facebook då "Urd" hadde rast frå seg ute

Då stormen "Urd" slo til 2. juledag, var dei 2700 innbyggjarane i Vik kommune fullstendig isolert frå omverda. Det fekk rådmann Oddbjørn Ese til gje klare meldingar på sosiale medium.

Oddbjørn Ese og Facebook

KLAR TALE: Rådmann Oddbjørn Ese i Vik,

Foto: NRK

«For oss som er sette til å ivareta tryggleiken til innbyggjarane i kommunen er det lite tilfredsstillande å vara avskoren frå andre tiltak enn å håpa på at det går bra. Til all lukke har me ikkje fått melding om at det oppstod akutte hendingar som ikkje let seg løysa. Det er både uheldig og uakseptabelt at ein heil kommune så ofte blir innestengt og isolert», skriv Oddbjørn Ese på sin Facebook-profil.

Det er andre gangen i haust at kommunen på sørsida av Sognefjorden blir heilt isolert som ein følgje av naturhendingar. I slutten av november sperra eit stort steinras riksveg 13 mellom Vikøyri og Vangsnes.

Var heilt isolert

2. juledag var det ekstremvêret "Urd" som sørga for at verken ambulanse, helikopter eller båt kunne nyttast dersom det hadde skjedd ei ulukke eller det hadde kome tilfelle av alvorleg sjukdom.

Responsen på rådmannen sitt innlegg på Facebook har ikkje late vente på seg, og han får i det all vesentlege støtte for utspelet om at det er vanskeleg å vere rådmann når naturkreftene sperrar alle vegar inn og ut av kommunen han er sjef for.

– Lukka denne gongen var at ingen vart sjuk og måtte ha medisinsk hjelp utanfrå. Skal me halda fram med å tru på slumpelukka?? står det å lese i ein av kommentarane under innlegget til Ese.

Vil ha betre beredskap på fjorden

No vil rådmannen ta problema med isolasjon og fare for liv og helse vidare. Han ønskjer seg ein eller fleire båtar som kan takast i bruk til transport av pasientar og helsepersonell, dersom noko skulle skje når alt anna er stengd.

– Det er jo ei sak som har vore drøfta tidlegare, men ein har ikkje klart å få på plass nokon fast løysing, seier rådmann i Vik, Oddbjørn Ese, til NRK.

Å få ein slik båtberedskap på plass vil krevje mykje jobbing, men også ein høg økonomisk innsats.

– Difor er det avhengig av eit samarbeid mellom fleire kommunar og andre etatar, som politi og helse, for å finne ei løysing, meiner Ese.

Vil bli med på diskusjonen

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand forstår frustrasjonen til rådmannen i Vik, og applauderer forslaget om betre båtberedskap på Sognefjorden.

– Det oppstår med jamne mellomrom situasjonar der vegane blir stengde, ferjer sluttar og gå. Det å ha eit alternativ for å transportere pasientar og legar på sjøen må vi berre heie på, seier Stensvand.

Stian Sægrov i Helse Førde seier at dei gjerne blir med på ein diskusjon om ein betre båtberedskap i Midtre Sogn.