Filmen har gått inn i historia som ein klassikar. Men det er også ein film som er kjend for sin brutale vald, romantisering av narkotika og for råe sexscener. Ein film om gangstersjefar, narkolangarar, leigemordarar og småkriminelle. Ein film med 18 års aldersgrense som blir rekna som for tøff for mindreårige. Ein film som kan ta vekk nattesøvenen frå barn og unge.
Småungar framfor skjermen
Det var denne filmen som fekk ei mor til å reagere då ho tok hurtigbåten til Fjord 1 frå Askvoll til Florø fredag ettermiddag. Fjord 1 viste nemleg fram Pulp Fiction for barn og unge denne ettermiddagen. I følgje mora var det fleire born nede i 7-8 årsalderen som såg filmen.
Leverandørtabbe
Divisjonssjef i i Fjord 1 Fylkesbaatane, Stig Kristoffersen, forklarar at filmtabben ligg hos leverandøren som leverer filmane. Dei har fått beskjed om å levere familiefilmar med 11-års aldersgranse, så her må dei ha gjort ein feil, seier Kristoffersen.