Sjå quilteteppa
Dei tilsette ved psykiatrisk klinikk i Førde kunne onsdag stolte vise fram resultatet av ei stor utsmykkingsgåve klinikken har fått frå ein tidlegare pasient.
Anny Aase frå Gaular og mannen Knut gav klinikken ein stor pengesum. Dei tilsette tok kontakt med Førde Quiltelag som tende på oppgåva. Resultatet vart 28 fargerike bilete i quilteteknikk som no blir plasserte på pasient-romma.
Bileta er laga av: Birgitte Slåtten, Eva Vikøren, Marit Andersen, Desiree Øvretveit, Marit Bruland, Åse Kjærland, Hulda Bjerkaker, Linda Oppedal, Helga Hjelle, Margaret Nygaard og Eli Hegrestad.