Hopp til innhold

Qfilm-festivalen er i gang

Den tiande Qfilm-festivalen er i gong på Sandane. Arrangørane lovar mykje moro heile veka.

Slik reklamerer dei for Qfilm

NO ER DET I GANG: Qfilm-maskoten blir nok å sjå denne veka på Sandane.

Foto: Qfilm

Qfilm-festivalen blir arrangert av medieelevar ved Firda vidaregåande skule, og i år feirar dei 10-årsjubileum. Årets tema er «nordisk» der det vil bli vist nordiske filmar og kortfilmar. Det heile startar søndag 13. november med leikar og kinovisning.

Måndag kveld var Kick off, og sidan går det slag i slag utover veka. Torsdag kveld er det duka for prisutdeling.

Kortfilmkonkurranse

Qfilm sin kortfilmkonkurranse er eit samarbeid med NRK Sogn og Fjordane. Ungdom mellom 13- og 25 deltek og har meldt inn filmar i forskjellige kategoriar. Ni av finalistar er no plukka ut og konkurrer om å vinne publikumsprisen.

Det er duka for raud spring når prisane skal delast ut torsdag kveld. Fram til klokka 12 same dag kan du stemme på din favoritt.

Dette kan du få med deg

Arrangørane lovar mykje moro heile veka. Høgdepunktet er kanskje prisutdelinga og PR-kontakt og festivalleiar Mathilde Dahl Igland seier det er mykje bra.

– Vi har ikkje klart å velje oss ut nokon favoritt endå, men det er mange som fortener å vinne, seier dei to.

Måndag kveld var det Kick-off på Gloppen hotell. Her vert alle dei innsendte filmane viste, og folk kan stemme på sin favoritt til publikumsprisen.

Tysdag blir dokumentaren ”Snøhulemannen” vist i kinosalen i Trivelshagen klokka 11.50. Seinare på dagen er det klart for skifilmen "Being There".

Onsdag blir det mellom anna utekino i Sandane sentrum. Her må folk ta med seg varme klede, pledd eller kanskje ein sovepose. Det er duka for ei litt annleis kinooppleving med grilling og kakao.

Eit av høgdepunkta, prisutdelinga Qpris skjer på torsdag kveld. Her det utdeling av prisar til beste animasjon, beste dokumentar, beste fiksjon, beste nybyrjar, beste skodespelar, beste regi og publikumsprisen.

Fredag vert festivalen avslutta med fagdag, der mellom anna Elling-skodespelaren Per Christian Ellefsen er med.