Teatersjef Terje Lyngstad trur folk ville ha likt stykket om dei hadde kome. (Foto: NRK)
Med to stykkje av unge dramatikarar frå Sogn og Fjordane skulle regionteateret vise oss korleis det spirar og gror i det litterære miljøet også her i fylket.
Berre åtte kom
Men dobbeltframsyninga "Meir" av Maria Tryti Vennerød og "Siste dagar sett" av Ole Johan Grønskag har lokka sørgjeleg få ut av godstolane. I Sogndal kom berre åtte, i Årdal like få. I Måløy vart heile framsyninga avlyst.
Men sjølv om vanlege folk ikkje har lete seg lokke, har skuleungdommar åtte stader i fylket fått høve til å sjå teaterstykket "Meir" som del av undervisninga. Ved Årdal vidaregåande skule vekte det både begeistring og sinne, fortel elevrådsleiar Ulrik Jørgensen.
"Meir" og "Siste dagar sett" er mest sett av skuleelevar. (Foto: R. Indrebø, NRK)
- Ville ha likt det
Og dei positive elevreaksjonane fortel teatersjef Terje Lyngstad at folk nok ville likt det dei såg, om dei berre gadd å komme. Det dårlege frammøtet vil ikkje få følgjer for kva stykkje teateret set opp i tida som kjem.