NRK Meny
Normal

Psykisk sjuke får ikkje velje fritt

Mange psykisk sjuke får ikkje hjelp på det sjukehuset dei sjølve ønskjer. Rådet for psykisk helse meiner helseføretaka må straffast med bøter.

Psykiatri

FÅR IKKJE VELJE: Dei siste fem åra har 300 psykisk sjuke pasientar ikkje fått velje fritt kor dei vil ha behandling.

Foto: LARTIGUE STEPHANE / PHOTOPQR/SUD OUEST

- Bøter er det mest tydelege og sterke verkemiddel ein kan bruke i dag, seier generalsekretær i Rådet for psykisk helse, Marianne Røiseland.

Får ikkje velje sjukehus sjølv

I teorien høyrest det fint ut: Alle nordmenn kan sjølve velje kva sjukehus dei ønskjer å få behandling på.

Men i praksis bryt helseføretaka stadig lova om fritt sjukehusval.

Tal frå Pasientombodet for dei siste fem åra viser at nesten 300 psykisk sjuke pasientar i landet ikkje har fått velje sjukehus fritt.

- Vanskelegare for psykisk sjuke

I Sogn og Fjordane finst det sju brot siste fire åra, noko pasientombodet i fylket, Anne Margrete Øvsthus meiner er svært alvorleg.

Ho viser til at situasjonen ofte er verre for psykisk sjuke pasientar enn pasientar med fysiske plager.

- Det er mykje lettare for ressursgrupper og relativt unge pasientar og få ein rask operasjon. Men denne grunna, psykisk sjuke, har gjerne ikkje kapasitet til å drive fram si eiga sak i ein situasjon der dei allereie er sårbare, seier Øvsthus til NRK.no.

- Gje helseføretaka saftige bøter

Marianne Røiseland

BØTER: Marianne Røiseland i Rådet for psykisk helse meiner helseføretaka må straffast med bøter.

Foto: Rådet for psykisk helse.
Direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch

VIL RYDDE OPP: Direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch seier dei vil rydde opp.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Helsedirektør Lars E. Hansen

KLAG: Helsedirektør Lars E. Hansen oppmodar dei som ikkje får velje fritt til å klage saka si inn til Helsetilsynet lokalt.

Foto: NRK

Eit eksempel frå Sogn og Fjordane er ein pasient som ønskjer behandling ved Nordfjord psykiatrisenter.

Men pasienten får beskjed om at tilbodet vedkommande kan få er ved Indre Sogn Psykiatrisenter. Dersom ikkje vedkommande tek i mot dette, vert det ikkje gitt anna tilbod.

Rådet for psykisk helse meiner helseføretaka som bryt lova på denne måten bør store bøter.

- Det skal ikkje vere så lett som det er i dag å bryte lova innan psykisk helsevern, seier generalsekretær for rådet, Marianne Røiseland.

Vil rydde opp

I Helse Førde, lovar direktøren for psykisk helsevern å rydde opp. Han vedgår at brot på fritt sjukehusval kan gjere pasienten sjukare.

- Om det er eitt, sju eller hundre tilfelle har lite å seie når vi ikkje føl retningslinjene. Vi må berre gå ut til avdelingane våre og skjerpe inn denne praksisen, seier direktør for psykisk helsevern Ole Christian Reusch i Helse Førde.

- Fritt sjukehusval er ein rett pasientane har, og at vi ikkje føl retningslinjene kan vi ikkje godta, seier Reusch.

- Klag saka vidare til Helsetilsynet

Tal frå Norsk pasientregister kan tyde på at helseføretaka har ein jobb å gjere.

Det blir til dømes behandla meir enn dobbelt så mange pasientar med bein- og leddplager som med psykisk sjukdom.

Likevel er det fleire psykisk sjuke som klagar på at dei ikkje får velje sjukehus fritt.

Statens Helsetilsyn er uroa over at mange psykisk sjuke ikkje får velje behandlingsplass fritt, og direktøren har ei klar oppmoding.

- Det må klage til Helsetilsynet i sitt fylke, og så må vi prøve å hjelpe dei vidare, seier direktør Lars E. Hansen i Statens Helsetilsyn.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.