Foto: Inge Skavøypoll
Fem bønder er samla utanfor arbeidskontoret i Måløy. Dei er på bytur for å melde seg arbeidsledige, i protest mot landbruksoppgjeret, som vil påføre kvar bonde 11.000 kroner mindre i reint tilskot og dårlegare prisar for maten dei produserer. Leiar i Stårheim Bondelag, Asbjørn Manset vil ha eit arbeid han kan tene pengar på, og trur det kan vere bruk for ein kar med agronomutdanning og mange års erfaring som bonde.
Bondeanger
Men då dei gjekk over dørterskelen til Aetat, vart kontoret fylt av bondeanger. Etter ein runde bak lukka dører med ein av etatens menn, avblåste dei aksjonen. Årsaka er at ein som arbeidsledig heile tida må stå til disposisjon, og det passar ikkje med fjøsstellet.