Hopp til innhold

Promillemistanke etter utforkøyring

Politiet har mistanke om promillekøyring etter at ein bil køyrde utfor vegen like ved Vikum i Viksdalen tidleg tysdag morgon.

Det var to menn i 50-åra som sat i bilen, men politiet veit førebels ikkje kven som har køyrde. Dei har difor teke blodprøve av begge mennene.

Den eine mannen er frakta til Førde sentralsjukehus, men han skal ikkje vere alvorleg skadd.