Hopp til innhold

Professor: Hadde mykje amfetamin i blodet

Mengda amfetamin som vart påvist hos føraren som køyrde ned og drap to kvinner i Kjølsdalen, er så stor at det kan auke ulykkesrisikoen 20 til 30 gongar.

Bilulukke Kjølsdalen

AMFETAMIN: Bilføraren som køyrde ned og drap to kvinner i Kjølsdalen i romjula hadde det narkotiske stoffet amfetamin og klonazepam i blodet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det seier professor og ekspert på legemiddel, Jørg Mørland, til NRK.

Bilføraren som køyrde ned og drap to kvinner i Kjølsdalen i romjula hadde det narkotiske stoffet amfetamin i blodet.

Det kjem fram i ei rettsavgjerd frå Sogn og Fjordane tingrett, der retten har bestemt at mannen i 50-åra ikkje får tilbake førarkortet.

I rettsdokumenta blir det vist til at føraren var påverka av amfetamin og det roande stoffet klonazepam då ulukka skjedde.

I dokumenta er det også vist til kor stor mengde sjåføren hadde, like etter ulykka. Her står det at han var påverka av 4,324 mikromol amfetamin og 0,0130 mikromol klonazepam.

Jørg Mørland

HØGE VERDIAR: Professor Jørg Mørland seier nivået av amfetamin som er påvist på sjåføren i Kjølsdalen er høg.

Foto: Folkehelseinstituttet

Professor i farmakologi, Jørg Mørland, seier dette er betydelege verdiar som kan auke ulykkesrisikoen mellom 20 og 30 gongar.

For å oppnå ein tilsvarande ulykkesrisiko med alkohol, må promillen vere rundt 1, seier han.

– Det er ein høg konsentrasjon. Det er langt over det nivået ein brukar i behandlingssamanheng. Då ligg konsentrasjonen tre til fire gongar lågare. Det peikar i retning av at her er det teke ein rusdose av amfetamin, seier Mørland.

Den nedre rusmiddelgrensa for amfetamin i trafikken er 0,300 mikromol.

Mørland blir rekna som ein av dei fremste ekspertane på rus og har sjølv vore sakkunnig i fleire saker.

Han understrekar at han uttalar seg generelt på bakgrunn av det han kjenner frå forskingslitteraturen om temaet.

– Auka impulsivitet

Professoren peikar på fleire verknader som kan oppstå dersom ein sjåfør er påverka av amfetamin.

– Amfetamin er eit sentralstimulerande rusmiddel. Det kan gi nedsett konsentrasjonsevne. Nedsett merksemd. Overvurdering av eigne evner og auka impulsivitet. I tillegg kan det auke viljen til å køyre med risiko.

Det andre stoffet som er påvist, klonazepam, blir brukt i behandling av epilepsi. Men det blir også brukt som eit reint rusmiddel.

– Det kan gje rus, men det kan også gje dempande og roande verknad.

Mørland seier kombinasjonen av dei to stoffa kan gje auka ruseffekt.

– Det ser ut som at kombinasjonen av amfetamin og klonazepam kan gjere føraren enda meir risikovillig enn berre eit av stoffa kvar for seg. Sjølv om dei har verknader som går i ulike retningar.

Har gitt forklaring

Då siktinga tidlegare denne veka vart utvida til også å gjelde køyring i ruspåverka tilstand, sa forsvarar Oscar Ihlebæk dette:

– Den sikta har gitt ei forklaring i tre timar der han har svart på spørsmål. Han har òg gitt ei forklaring på kva samanheng dette kan ha.

Ihlebæk har fått tilsendt vurderingane til professor Mørland og svarar slik på tekstmelding.

– Eg kan ikkje gå inn på innhaldet i denne. Det får vi eventuelt kome tilbake til dersom tiltale blir teken ut, skriv han.

Får ikkje tilbake førarkortet

For nokre dagar sidan vart det kjent at mannen i 50-åra ønskte å få sertifikatet tilbake av praktiske omsyn.

Sogn og Fjordane tingrett avviste dette og meiner omsynet til trafikktryggleik må vege tyngst.

Retten konkluderer med at førarkortet til den sikta skal haldast beslaglagt, men ikkje lenger enn til 10. januar 2020 om det ikkje har kome ny rettsavgjerd i mellomtida.