Hopp til innhold

No drøymer dei om snø! Håper å opne alpinbakkane snart

Medan nokre jublar over ein knallstart på vintersesongen, er det fleire alpinanlegg som manglar snø. Ved Harpefossen skisenter drøymer dei no om snø.

Janne Endal og Robert engeland

LAGAR SNØ: Snøhaugane i alpinbakkane veks. Marknadssjef Janne Endal og dagleg leiar Robert Engeland satsar på drift på Harpefossen idenne veka.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Etter ein elendig vinter med stor snømangel mange stader, går no snøkanonane for fullt i kulden ved fleire skianlegg i Sogn og Fjordane. På Harpefossen i Hjelmelandsdalen i Eid seier dagleg leiar Robert Engeland at snøkanonane jobbar så hardt dei kan.

– Det er ikkje dei store mengdene, men etter forholda bra likevel. Vi satsar på å opne laurdag, men vi veit ikkje heilt fordi vi først må flytte på snøhaugane. Dei må liggje i ro eit døgn til før vi rører dei, seier han.

Stor pågang frå skiglade folk

Dei to som så langt kan juble er Sogn skisenter på Hafslo og Sogndal skisenter i Hodlekve. Begge har nok snø og hadde mykje folk i bakkane i helga. Ved Harpefossen håper dei no snart å kunne tilby det same, for økonomisk betyr det mykje å få lengst mogleg sesong.

Marknadssjef Janne Endal seier dei opplever stor pågang av folk som vil på ski.

– Telefonen ringjer, og på Facebook får vi mange som spør om når vi opnar. Vi håper verkeleg vi kan opne snart, for vi ser at både barnefamiliar og ungdom er veldig interesserte i at vi skal opne bakkane, seier ho.

– Kva drøymer de om nettene no?

– Snø! Det er sjølvsagt snø, ler dei.

Slik er stoda for skisentera i fylket:

  • Jølster skisenter: Satsar på opning søndag 19. januar
  • Hornindal: Er avhengig av natursnø, så dei treng meir snø
  • Sunnfjord skisenter: Kan ikkje seie noko om kor tid dei kan opne
  • Siplo/Høyanger: Har ikkje ope, men langrennsløypene er brukbare
  • Sogn Skisenter på Hafslo: Har opna og har hatt godt besøk
  • Sogndal skisenter, Hodlekve: Dette er eitt av dei få skisentera i Sogn og Fjordane som har nok av snø
  • Stryn Vinterski: Produserer kunstsnø, men treng naturleg snø også
  • Langeland skisenter, Gaular: Kan ikkje love opning utan meir natursnø og låge temperaturar