Hopp til innhold

Skisentera set sin lit til vêrgudane

Minusgrader og eit dryss av snø fleire stader er godt nytt for skisentera. Fleire stader går produksjonen av kunstsnø for fullt, men alle vil ha meir ekte vare.

Sogn skisenter har snø 12. januar

MANGE I BAKKEN: På Sogn skisenter i Hafslo er det fine forhold. Biletet er frå rundt stengetid, og det har vore langt fleire folk i bakken i løpet av dagen.

Foto: Runar Tørvi

Etter ein lengre mildperiode har vêret no slått om, og det er minusgrader over store delar av Sør-Norge. Det er godt nytt for dei som kan produsere kunstsnø, og i fleire av anlegga rundt om kring i Sogn og Fjordane går produksjonen no for fullt.

Men det er naturleg nok best med ekte vare, rundt om kring set skisentera no sin lit til vêrgudane. Dei vil ha meir snø.

NRK har teke ei ringerunde til skisentera for å høyre korleis forholda er:

Jølster Skisenter

Dagleg leiar Donovan Goosen fortel at snøproduksjonen er i full gang, og at den vil gå for fullt fram til det er nok snø

– Vi satsar på opning til neste søndag, seier han til NRK.no.

Heile dugnadsgjengen er sett i sving, for det er mykje arbeid som skal til for å få bakken klar.

– Ein ting er produsere snøen, men den skal skubbast rundt også, seier han og lovar fullt fokus.

– Vi er veldig glade, og no håpar vi berre at vêret og temperaturane held seg slik at vi kan opne neste søndag, seier han.

Sunnfjord Skisenter, Kråkenesmarka/Førde

Også her går produksjonen for fullt, men det er førebels for tidleg å seie noko om kor tid dei kan opne bakken.

– Vi må iallfall ha ei lita veke på oss. Om vêret blir slik det har vore meldt, så kan vi kanskje nærme oss noko neste helg, seier Terje Nordbotten.

Les meir på Sunnfjord skisenter sine heimesider

Hornindal Skisenter

– Vi har ikkje kunne ha trekket ope verken i går eller i dag, vi må ha meir snø, melder styreleiar Anne Raftevold.

Ved skisenteret har dei ikkje snøkanonar, og dermed er dei heilt avhengige av natursnø.

– Vi kryssar fingrane og håpar at det kjem noko snart, seier ho.

I langrennsløypene er det brukbare forhold.

Følg med på skisenteret sine heimesider her

(Artikkelen held fram under biletet)

Siplo

BORTOVERSKI: På Siplo skisenter i Høyanger har dei fine forhold for bortoverski, men framleis for lite snø i alpinbakken.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Siplo Skisenter i Høyanger

– Det har kome litt snø, men det er ikkje nok, seier pressekontakt Lars Jonas Pedersen.

Han seier dei har fine langrennsløyper, og at det har vore svært mange der i løpet av søndagen.

– Men til nedoverski er det framleis for lite.

Les meir påSiplo skisenter sine heimesider

Utvikfjellet og Breimsbygda Skisenter

Her håpar driftsleiar Kåre Solheim på hjelp frå vêrgudane i tida framover. Dei har ikkje snøkanonar, og er heilt avhengige av snø på den naturlege måten.

– Det har kome litt, så alt hjelper på. Men det er ikkje så mykje snø som har kome, seier han.

Turløypene til Snøfjellet, Fløtravarden og lysløypa er greie, men det er litt lite snø enkelte stader, seier han.

Les meir på skisenteret sine eigne heimesider

Harpefossen Skisenter på Nordfjordeid

– Akkurat no produserer vi snø for fullt, men kor tid vi eventuelt kan opne er litt vanskeleg å seie, seier styreleiar Stein Bjørnhovde.

Han seier dei håpar å opne til onsdag, eller iallfall til neste helg. Men alt er avhengig av vêret framover.

Folk kan følgje med på skisenteret sine Facebooksider eller på heimesidene

Sogn Skisenter på Hafslo

Driftsleiar Runar Tørvi fortel om mykje folk i bakken søndag. Dei har mesteparten av alpinanlegget ope, i tillegg til langrennsløyper.

– Det har vore sol, blå himmel og godt besøk, seier han.

Han seier produksjonen av snø går for fullt så lenge dei har vant, og at det vil halde fram gjennom kuldeperioden. I langrennsløypene kan forholda nokre stader vere litt avgrensa.

Du finn meir info på heimesida til Sogn skisenter her

Sogndal skisenter, Hodlekve

Dette er eitt av dei få skisentera i Sogn og Fjordane som har nok av snø, og her har det i helga vore godt besøkt.

På sine heimesider melder dei om flotte forhold på både bortoverski og nedoverski.

(NRK lukkast søndag ettermiddag ikkje å kome i kontakt med nokon ved skisenteret)

Du finn meir info på heimesida til Sogndal skisenter her

Stryn vinterski

Dagleg leiar Kåre Tonning seier produksjonen av kunstsnø går for fullt, men at dei framleis har for lite til å kunne opne anlegget.

– Vi må ha litt natursnø i tillegg. Med det ser ikkje ut til at det er noko nedbør i vente, men vi håpar på hjelp frå naturen si side, seier han og lovar at dei gjer det dei kan.

Det er ganske greie forhold for dei som vil spenne på seg bortoverski, er meldinga.

Meir informasjon finn du på heimesidene til Stryn vinterski her

Turløyper Stryn

Ansvarleg for løypene, Arvid Hatledal, melder om svært fine forhold.

Mange fann fram skia for å gå på tur i Stryn i dag.

MANGE I LØYPENE: I Stryn hadde mange funne fram skia for å kome seg på tur i det flotte vêret.

Foto: Stryn skiløyper

– Det er kome ti-femten centimeter med pudder oppå underlaget, så her er superfine forhold, seier han.

Han spår at med vêrmeldingane som er, vil det vere fine forholda heile den komande veka.

– Det har vore mykje folk ute på ski i dag, seier Hatledal.

Få oppdatert informasjon om forholda på Facebooksidene. nbsp;

Langeland skisenter, Gaular

På Langeland skisenter i Gaular ventar driftsansvarleg Magne Øvrebø på snø. Allers helst den som kjem naturleg ned frå himmelen.

– Det er meldt snø i morgon, og onsdag og torsdag, men det er veldig usikkert enno, seier han.

Dei har snøkanonar og kan produsere kunstsnø, men Øvrebø seier dei er avhengig av at temperaturen held seg ganske stabilt på mellom 7 og 10 minusgrader.

– Vi håpar det kjem natursnø, men held kuldegradene seg vil eg begynne produsere, seier han og kan ikkje love noko om kor tid det blir trakka løyper, seier han. Han oppmodar folk til å følgje med på skisenteret sine Facebook-sider.