Pris til bokbåten

Bokbåten "Epos" er tildelt prisen "Årets bibliotek 2012".

Bokbåten Epos.
Foto: Hans Jakob Reite/NRK

Prisen blir delt ut av Norsk bibliotekforeining, og utmerkinga blir grunngjeven med at bokbåten har vore ei unik flytande bibliotekteneste for folk langs kyst og fjord i snart 50 år.

Viktig supplement

Lasta med bøker, lydbøker og kulturprogram besøkjer bokbåten Epos rundt 70 stader. Båten er i hovudsak eit allment kulturtilbud, men Epos har også 58 barnehagar og 52 skular som faste brukarar.

Etablert i 1959

I tillegg går Epos for å vere eit viktig supplement til skolebiblioteka på Vestlandet, noko båten har vore sidan tenesta vart etablert i 1959. Den gong var "Epos" kun eit tilbod i Hordaland, før tilbodet vart vidareført i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i 1963.

Inspirator

I dag er bokbåten et samarbeidstiltak mellom dei tre fylkeskommunane.
Leiar Anne Elin Øverbø i Norsk bibliotekforeining sa ved overrekkinga at båten har vore ein kulturformidlar og inspirator i løpet av sine 50 år.