Hopp til innhold

IT-bransjens Oscar gjekk til Måløyfirmaet Seevia

IT-firmaet Seevia er tildelt Rosingprisen for sin banebrytande måte å optimalisere bruken av videokonferanse på i offentleg og privat sektor.

Seevia
Foto: Cille Berglund

– Dette er utruleg stort. Dette er IT-verdas Oscar, og det er første gongen ei bedrift i Sogn og Fjordane får denne utmerkinga, seier prosjektleiar i VideoNor, Heidi Kopperud.

Saman med Jørn Mikalsen forlet ho for halvanna år sidan hovudstaden for å satse på eiga bedrift. Dei starta selskapet VideoNor, og håpte på å tene pengar på at arbeidsgjevarar vil kvitte seg med dyre og tidkrevjande flyreiser.

Er skilt ut som eige selskap

Seevia, som nyleg er skilt ut frå VideoNor som eit eige selskap, har vorte ein stor suksess. På svært forenkla vis kan ein seie at Seevia er videoens svar på Gule sider.

– Eg er både overraska og utruleg stolt. Alle dei nominerte i vår klasse er prosjekt som eg har stor respekt for. At juryen valde å anerkjenne Seevia er ei stor oppmuntring for oss som brenn for dette, seier dagleg leiar i Seevia, Jørn Mikalsen.

Kan nyttast av alle

Han håpar fleire for augo opp for kor enkelt videokonferanse kan vere.

– Vi har utvikla ein objektiv katalog som kan brukast av alle uavhengig av kva utstyr kundane har og kven som har levert eller driftar videoløysinga. Med Seevia kan alle enkelt søkje opp og starte eit videomøte via Seevia si nettside eller apps for smartphone og tablet, seier Mikalsen.

Den Norske Dataforeningen er ansvarleg for den årlege utdelinga, og grunngjev avgjerda med at Seevia fornyar heile videokonferansemarknaden.

Heilt nye tankar

– Juryen trur at vinnaren kan vere forløysande ved at han senkar brukarterskelen radikalt og utvidar moglegheitsrommet for den tilknytte teknologien – noko vi trur kan føre til reell åtferdsendring og dermed ressursoptimalisering, særleg innanfor bransjar som helse og utdanning, seier juryleiar Benedicte Fasmer Waaler.

Juryen trur at Seevias løysing kan vere ein heilt sentral komponent i grunnlaget for nye forretningsmodellar.

– Dette er tankar vi ikkje har tenkt endå. Det var dette spennande «moglegheitsrommet» som er hovudårsaka til juryens avgjerd, seier Fasmer Waaler.