Hopp til innhold

Florarussen er prega etter ulykke

Russen i Florø er prega etter at fem medruss vart sende til sjukehus etter ei trafikkulykke på veg til landstreffet i Kongeparken i Stavanger.

Russepresident Nikolai Belsvik på russetreff i Kongeparken i Stavanger

PREGA: Russen ved Flora vidaregåande skule er prega etter at fem medruss vart sende til sjukehus etter ei ulykke i natt. President Nikolai Belsvik og 30 andre frå Florø er denne helga i Kongeparken i Stavanger.

Foto: NRK

Ulykka skjedde ved eitt-tida natt til fredag, og bilen dei køyrde hamna i ein tunnelvegg i Hjelmeland i Rogaland. Det er samla 11.000 russ i Kongeparken denne helga. Rundt 30 av dei er frå Florø.

Russepresident Nikolai Belsvik ved Flora vidaregåande skule, som sjølv er på plass i Stavanger, seier russen mottok meldinga med sjokk i dag tidleg.

– Dei kunne i verste fall blitt drept

– Det var ikkje noko kjekt å få beskjeden. Mange av russen som er igjen heime i Florø ringte oss og var redde for kva som hadde skjedd. Det går heldigvis bra med tre av dei fem som var i bilen, seier Belsvik.

Dei to andre, ein gut og ei jente, er ifølgje Belsvik innlagde på sjukehus i Stavanger. Guten skal vere operert for lårhalsbrot, medan jenta skal ha fått ein skade i ryggen.

Stavanger universitetssjukehus opplyser til NRK.no at dei to er innlagde på ortopedisk avdeling og kirurgisk sengepost.

– Det er sjølvsagt trist når slikt skjer, men det er bra at det ikkje gjekk verre. Dei kunne alle blitt drept i verste tilfelle, seier Belsvik.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Stor utrykking til ulykka

Belsvik seier han fekk beskjeden ved halv seks-tida i dag tidleg. Russen køyrde ein personbil og var på veg frå Florø til Kongeparken.

Eit redningshelikopter, luftambulanse, politi og brannvesen vart sende til staden. Det var to kvinner og to menn, alle 18 og 19 år, i bilen. Alle vart sende til sjukehus, men tre av dei skal ha kome frå ulykka utan fysiske skader.

Det har ikkje lukkast NRK.no å få kontakt med nokon av dei involverte i ulykka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.