Lukasz Redzio er ein av dei polske forskalingssnikkarane som arbeider ved sentralsjukehuset. Han tykkjer Noreg er eit vakkert, men svært dyrt land å leve i. Saman med to landsmenn har han vore to månader her i landet.
Meir enn i Polen
Tidlegare har to av kollegaene hans jobba sju månader i Tyskland, men for Lukasz er det første gong i utlandet. Han seier han ikkje har noko val - løna han får ved å jobbe i Noreg er nær det doble av det han ville fått heime i Polen. Men her i landet rekk ikkje den løna langt når ein skal kjøpe mat, har den unge forskalingssnekkaren alt funne ut.
Betaler 200 kroner timen
Oddbjørn Aalen i Fellesforbundet seier løna til polakkane er sosial dumping. (Foto: H.L. Bakke, NRK)
Entreprenør Harald Kapstad som har dei polske forskalingssnikkarane i arbeid, seier han leiger dei frå selskapet Global support og at han betaler dette firmaet 200 kroner i timen, og at han ikkje veit kva polakkane til slutt får.
Vil ta opp saka
Men så langt har ikkje Fellesforbundet funne dokumentasjon på at det er snakk om leigefirma. Dei held difor fast på at dei tre gjestearbeidarane må vere tilsette i firmaet til Kapstad, seier Oddbjørn Aalen i Fellesforbundet. Han seier han i løpet av dagen vil ta saka opp med byggherren.
Polakkane arbeidet på tilbygget ved Førde sentralsjukehus. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)