Vedtaket Statens vegvesen har fatta er å overføre nattberedskapen til Bergen. Mellom klokka 22 og 06 skal det ikkje vere folk ved sentralen i Sogn.
Ein tankevekkar
– Den siste helga bør vere ein tankevekkar for dei som sit og bestemmer. Vaktsentralen er ei svært viktig brikke i beredskapen. Vi får ikkje same kvaliteten dersom tenesta blir flytta til Bergen, seier Teigen.
Teigen er overraska over at ikkje synspunkta til dei det gjeld har blitt høyrde før vedtaket vart gjort.
– Dette vedtaket er tredd ned over hovudet på oss utan at vi har fått vore med på prossessen, seier han.
Må ta opp att saka
Teigen har no saman med to andre lensmenn i Sogn sendt brev til vegvesenet, der dei ber om at saka blir tatt opp att i full breidde, og at dei får inn alle synspunkt og tek dette på alvor slik beredskapsplanen krev at dei skal.
Trailerkaoset i Aurland bør vera ein vekkar, meiner lensmann Olav Teigen i Lærdal. Foto Arve Uglu NRK.