- Årsaka er at vi i samfunnet har ei auke i bruken av nye rusmiddel. Vi må erkjenne at i ei stor bedrift som Hydro vil dei problema som er i samfunnet gjenspeile seg til ein viss grad. Vi er også kjent med, via politiet, at våre tilsette dessverre er involverte i den type aktivitet. Difor ønskjer vi å ta ei aktivt grep, seier Oksum.
Tvungen testing
For å få bukt med narkotikabruket vil dei no gjennomføre tvungen narkotesting i alle Hydro sine avdelingar i Norge. Prosedyrane er ikkje fastsette, men Oksum seier tilsette skal trekkjast ut tilfeldig og måtte gje urinprøver som skal analyserast av eit uavhengig laboratorium. Men Hydro kan ikkje vise til dokumentasjon på at narkotika er eit problem i bedrifta.
Sterke reaksjonar
Reaksjonane er sterke hos mange Hydro-tilsette. Særleg arbeidarane i kjemisk forbund vil kjempe mot det. Herbert Petersen på metallverket i Høyanger har inga forståing for at tvungne urinprøver skal hjelpe på tryggleiken. Og Petersen, som vil nekte å levere urinprøve har fagforeininga si, Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund, bak seg.
- Mistenkeleggjering
Leiar for LO Kjemiske Samarbeidsforeining, Billy Fredagsvik, lar seg hisse opp av forslaget. Han seier dei tillitsvalde er opptrekte over måten Hydro har handsama denne saka på. Kjemisk forbund meinar rett og slett at dette går på personvernet laust.
- Vi meiner det er ulovleg og at det er ei mistenkeleggjering som gjer at dei tilsette vi føle seg utrygge, seier han.
- Ulovleg
Forbundet har difor klaga vedtaket inn for Datatilsynet og Arbeidstilsynet, og informasjonssjef i Datatilsynet, Ove Skåra, har allereie slege fast at dette er ulovleg. Men dersom Hydro står på sitt, vil dei tillitsvalde i Kjemisk forbund teste saka juridisk.
- Vi har blitt einige om at den første tillitsvalde som vert kalla inn vil nekte å la seg teste, for å prøve saka i rettssystemet, seier han.
Støttar nulltoleranse
Arkivfoto©NRK
Kjemisk forbund stiller seg bak leiinga i sin kamp for nulltoleranse, men er sterkt imot tvungen testing. Derimot går dei inn for ein modell som er prøvd på aluminiumsverket i Årdal, der tett oppfølging av dei tilsette og frivillig testing har gjeve gode resultat. Fredagsvik ser det heile som eit eksempel på at Hydro er blitt internasjonale.
- Hydro har vore ein arbeidsgjevar som har teke sosiale omsyn, men vi ser at dei blir prega av det som føregår i utlandet, seier Fredagsvik.
Mange foreiningar støttar forslaget
Hydro seier dei kun har høyrt om Datatilsynet sitt nei til testing gjennom media og vil vurdere det heile når dei får ei formell tilbakemelding frå Datatilsynet, men Oksum meinar det er viktig å få fram at mange fagforeiningar støttar tiltaket.
- Det store fleirtalet av fagforeiningane i Hydro støttar leiinga i at vi skal gjere dette. Det er spesielt Kjemisk Industriarbeiderforbund som er ueinig, seier Oksum.