Hopp til innhold

Politiet slår alarm: skøyteisen kan vere utrygg

Ein lang kuldeperiode har gitt god og trygg skøyteis mange stader i landet. No slår vêret om, og politiet åtvarar: isen kan bli utrygg fort.

Stokkelandsvatnet

SKØYTEIS: Det har vore fin skøyteis mange stader den siste veka, men no må du vere forsiktig framover.

Foto: Ragnar Christensen / NRK

– Folk må vite det at om du går ut på eit islagt vatn, så gjer du det på eige ansvar, seier Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

I heile Bergen kommune har politiet meldt ifrå om at ingen vatn vert rekna som trygge, og at folk difor bør halde seg unna. Halleraker fortel at dei meiner folk andre stader og må vere forsiktige.

– Det er den enkelte sitt ansvar å sjekke om isen er trygg før du går ut på den. Med det veromslaget vi no ser vil isen kunne bli mindre trygg, og ingen bør gå ut på isen før dei er hundre prosent sikker på at den er trygg, seier Halleraker.

– Du må vite kva du held på med

Isekspert Ånund Kvambekk i NVE seier at det er store skilnader på ulike vatn når det gjeld kor trygge dei er å bevege seg ut på.

– Små vatn med liten gjennomstrøyming er dei tryggaste vatna. På store vatn kan det vere store skilnader rundt om på vatnet. Delar av vatnet kan ha trygg skøyteis, medan andre delar kan vere heilt opne, seier Kvambekk.

Han seier at det er fleire måtar å undersøke om isen er trygg på. Iseksperten oppmodar til å bruke auga til å analysere vatna, men også meir spesialisert utstyr.

– Du kan sjå etter det vi kallar skiljelinjer i isen, altså at den forandrar seg. Er det snø kan du sjå at snøen plutseleg er meir eller mindre tjukk.

– Har du øks kan du hogge ned, og undersøke kor langt du kjem. Har du endå ikkje kome igjennom etter ti centimeter, er isen i alle fall trygg. I sportsforretningar kan du og kjøpe reiskapar som du kan bruke til å undersøke isen, seier Kvambekk.

Fin skøyteis på Saltvatnet i Bø 16.januar 2014.

IKKJE EKSTREMSPORT: Iseksperten meiner at det ikkje treng å vere ekstremsport å gå på skøyter.

Foto: Bjørnar Hansen

Vil ikkje frårå å ta seg ut på vatna

Medan politiet er klare på at folk enkelte stader ikkje bør bevege seg ut på islagde vatn, er ikkje Kvambekk og NVE like bastante.

– Generelt er vi forsiktige med det. Det er positivt å bruke vatn til skøyter og issport, og dersom du veit kva du driver med, kan det vere trygt.

– Det er folk som driv aktivt med skøytekøyring på islagde vatn, og det er ikkje rekna som ein ekstremsport, seier iseksperten.