NRK Meny
Normal

Politiet får kritikk for tidsbruk i saka mot Nordfjord Kjøtt

Politiet har brukt eitt og eit halvt år på å avgjere politimelding om brot på arbeidsmiljølova mot Nordfjord Kjøtt. Advokaten til arbeidarane meiner saka har støva ned hos politiet.

Nordfjord Kjøtt i Loen

DREG UT I TID: Nordfjord Kjøtt vart i fjor politimeld av Arbeidstilsynet for fleire grove brot på arbeidsmiljølova. Saka er framleis ikkje avgjort av politiet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Arbeidstilsynet politimelde verksemda for fleire grove brot på arbeidsmiljølova etter at ein arbeidar mista ein finger, men eitt og eit halvt år etter har framleis ikkje politiet landa saka.

– Ein kan jo spørje korleis politiet prioriterer. Er det slik at saker som gjeld arbeidsmiljøet vert lagt til side og ikkje er så viktige? For no har saka lege i alle fall eitt og eit halvt år og meir eller mindre støva ned i Florø, seier arbeidaren sin advokat, Odd Arne Nilsen.

Forundra over tidsbruken

Forsvarer Odd Arne Nilsen
Foto: Aina Rødal / NRK

Politimeldinga av Nordfjord Kjøtt gjekk på manglande kontrollar, vedlikehald og manglande risikovurderingar i framkant av at ein slovakisk arbeidar mista fingeren på ei defekt maskin.

Etter hendinga gjekk fleire arbeidarar ut i NRK med kraftige skuldingar mot arbeidstilhøva, medan Nordfjord Kjøtt på si side sa at helse og tryggleik hadde fyrsteprioritet.

Nilsen meiner det er svært kritikkverdig av politiet å bruke så lang tid.

– Våren 2014 var Arbeidstilsynet ferdig med sin rapport og konkluderte med fleire lovbrot frå arbeidsgjevar, og då er eg ganske forundra over at politiet enno ikkje har klart å avgjere noko.

– Tek ikkje vanlegvis så lang tid

Politifullmektig i Sogn og Fjordane politidistrikt, Merete Sundal, seier det er beklageleg at saka er blitt gamal. Ifølgje ho er det ikkje normalt at saker tek så lang tid hos dei, men at det har vore rørsle i saka jamleg.

– Det har teke tid å få gjennomført alle etterforskingsstega. I tillegg så har det i saka vore skifte av politijurist ved to høver, og det har det teke litt tid for vedkomande å setje seg inn i saka på nytt. Diverre så har dette samla sett gjort at saka har blitt gamal, seier ho.

Arbeidarar ved Nordfjord Kjøtt

PROTESTERTE: Fleire arbeidarar gjekk i fjor ut og skulda Nordfjord Kjøtt for mellom anna dårleg HMS og overvaking.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Advokaten til den slovakiske arbeidaren er ikkje imponert. Han meiner det ville vere godt for alle partar å bli få ei avgjerd.

– Min klient vil berre bli ferdig med saka, og det trur eg alle er tent med, seier Nilsen.

Må avklare fleire ting i saka

Sundal er den tredje juristen som har saka på bordet, men ho avviser at saka har støva ned. Trass den lange etterforskingstida er det ikkje slik at politiet nedprioriterer denne typen saker, seier ho.

– Status i saka no er at det er utstett eit førelegg og så skal det deretter komme ei uttale frå Nordfjord kjøtt. Det er framleis nokre ting som er uklare i saka som må avklarast før ein deretter tek ei ny påtalemessig vurdering.

Arbeidstilsynet vil ikkje kommentere at politimeldinga så langt ikkje har fått noko utfall. Det vil heller ikkje Nordfjord Kjøtt.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser