I følgje journalistane frå Nationen som kom i bilen bak braut bilen med ministeren fartsgrensene fleire gonger.
- Naturleg å snakke med journalistane
Påtaleansvarleg Ronny Iden ved Sogn og Fjordane Politidistrikt seier dette er opplysningar som dei må undersøke.
- Med den mediemerksemda denne saka har fått, er det naturleg for oss å snakke med desse journalistane om saka.
Sjå tv-saka:
Problem med å halde følgje
Det var i dag Nationen kunne fortelje at bilen med samferdsleminister Liv Signe Navarsete hadde
på veg til vegopning i Lærdal.Nyheitsredaktør Sveinung Engeland fortalde at bilen med journalistane hans hadde store problem med å halde følgje med ministerbilen.
- Dei var fleire gonger oppe i 110 km/t i 80-sona og 80 km/t i 60-sona, seier nyheitsredaktør Sveinung Engeland.
Iden seier at verken journalistar eller sjåførar for politikarar kan bryte fartsgrensene.
- No får vi sjå korleis dette endar når vi har fått snakka med journalistane, seier Iden.
- Eit dilemma
Haakon Barstad som er konstituert redaktør i Nationen vil ikkje kommentere politietterforskinga, men seier avisa i utgangspunktet var ute for lage ei sak om vegopning og ikkje fartsoverskridingar.
- Det var slik det utvikla seg då vi oppdaga at bilen ho var passasjer i var godt over fartsgrensa i lengre periodar.
- Men var det naudsynt for historia at dei braut fartsgrensene slik dei skriv om i artikkelen?
- Det er eit dilemma. På den eine sida var det viktig å dokumentere dette her, men eg ser jo at heller ikkje journalistar kan bryte fartsgrensene. Dei burde vel slakka av og lete statsrådsbilen køyre avgarde.