Hopp til innhold

Poengdronninga vender heim – igjen

Førde volleyballklubb fekk ei gladmelding av dei sjeldne torsdag. Til neste år er Hilde Elvebakk (27) tilbake i den blå trøya.

Hilde Elvebakk i midten

HEIM: Hilde Elvebakk (i midten) spelar frå neste sesong av for Førde.

Foto: Jan Normann Erdal

– Eg håpar det blir bra og eg gler meg. Etter nesten eit halvt år utan volleyball, byrjar eg å få abstinensar no. Så då blir det kjekt å komme i gang att, og at det blir heime i Sunnfjord, smiler naustdalsjenta.

Jobb i Førde

27-åringen har fått seg jobb på Førde sentralsjukehus og flyttar til sommaren til Førde. Hilde Elvebakk har gjennom ei årrekkje markert seg som ein av landets beste spelarar.

Det er difor ikkje utan grunn at styremedlem Jan Ove Hafstad gliser breitt over signeringa. At Elvebakk vender heim passar også som hand i hanske for satsinga på damelaget.

– Hilde er ein veldig rutinert spelar og ein av Norges beste spelarar. Grunna jobbsituasjonen blir ho ikkje med alle kampar, men det er utruleg viktig å få ein slik spelar til klubben, seier han.

Andre periode

Elvebakk har tidlegare spelt ein sesong for Førde. Det skjedde i 2014 då damelaget like godt tok bronse i Eliteserien. Då sytte ho for ein fjerdedel av Førde sine poeng.

Denne sesongen spelte ho på cuplaget til 3. divisjonslaget Tambarskjelvar og kom veldig nærme sin tredje cupfinale. Dei kom seg til semifinalen.

– Eg har trena bra med fysikk, og med ei god sesongoppkøyring der eg blir kjend med ballen att, så skal eg vere klar, seier ho.

Vil satse på damene

Førde volleyballklubb har lagt lista høgare for damelaget enn dei tidlegare har gjort. Som herrelaget har dei lagt ein femårsplan, som fortel om både seriemedalje, cupfinale og Nordisk liga.

– Det er fint at ein har ambisjonar, og eg trur ikkje at det er utanfor rekkeviddene å få det til, seier Elvebakk.

Hafstad seier brikkene førebels ikkje er lagt for laget som i dag ligg nest sist av sju eliteserielag. Klubben har søkt om fornya lisens i Eliteserien.

Kombinasjon

– Vi har hatt utfordringar med å hente heim spelarar og har stilt eit ungt lag med mange talentfulle volleyballspelarar. Men skal ein hevde seg, så må det vere ein god miks mellom etablerte og unge spelarar, seier han.

– Men betyr dette også større økonomisk satsing?

– Når vi no går inn i ein ny periode, med noko anna satsing, så må vi også ha friske midlar. Og det skal vi få til.