Hopp til innhold

Sytte for 42 poeng i ein og same kamp

Hilde Elvebakk (25) stod laurdag for imponerande 42 poeng for Førde sine volleyballdamer. – I dag var ho fantastisk. Ho fekk ein del gode legg, men eg har aldri sett Hilde så god før, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Hilde Elvebakk

SUKSESS: Med 42 nye poeng klatra Hilde Elvebakk til andreplass blant poengsankarane i eliteserien for kvinner. No er ho 21 poeng bak Oslo volleys Edyta Weclawek.

Foto: Jan Egil Tvinde

Det var ein stor bragd publikummarane vart vitne til då Førde tok imot Blindheim i Førdehuset laurdag.

I det som vart ein svingande og spennande kamp mellom vestlandsklubbane, stod Hilde Elvebakk fram som den desidert største profilen med 42 poeng. Eit skår i gleda var at Førde tapte thrilleren 2–3 (25-18, 20-25, 20-25, 31-29, 18-20).

– Dette skjer ikkje kvart år. Eg har ikkje ein gong høyrt nokon som har vore oppe på 40-talet. Men eg meiner Anders Myhr tok 36 poeng mot Førde ein gong, seier trenar Jan Egil Tvinde.

– Gøy med noregsrekord

Til samanlikning vart Agata Furmanek Blindheims mest verdifulle spelar med 19 poeng. Hovudpersonen sjølv har aldri vore i nærleiken av ein tilsvarande prestasjon tidlegare. Det næraste er 32 poeng for gamleklubben BSI mot UiS i 2012/213-sesongen.

Men om det er noko noregsrekord vil verken Elvebakk eller trenar Tvinde ha sterke meiningar om.

– Det har eg ikkje peiling på, men det hadde vore veldig gøy, gliser kantspelaren frå Naustdal.

– 42 poeng? Det er solid

Også Nyborg-trenar, og mangeårig landslagstrenar i volleyball, Ivar Bakken lar seg imponere av tala til Elvebakk.

– Ohoi! 42 poeng? Det er solid. Om det ikkje er norsk rekord, så tippar eg det må vere ganske nær, seier han etter å ha sett sine disiplar tape 1–3 for Falkenberg i Nordisk Liga.

Derimot kan han fortelje at Kjell Arne Gøranson Jøransson for nokre år sidan stod for 37 poeng i ein og same kamp for Kristiansund.

– Men noko på 40-talet kan eg ikkje seie eg har høyrt om, seier Bakken.

– Har kome i form

– Det var veldig gøy, og eg hadde vel kanskje litt flaks, seier hovudpersonen sjølv som for nokre år tilbake stod for 30 poeng i ein og same kamp.

Naustedølen, som bur i Bergen, trur mykje skuldast at ho i det siste har fått nokre økter ekstra med Førde. Mot Blindheim kom heile 37 poeng i angrep, tre på serve og to i blokk.

– Eg har fått trena ein del økte med Førde, og det har gjort godt. Samstundes føler eg at eg no har kome i form, legg 25-åringen til.

– Unødvendig tap

Men ho vedgår at tapet for Blindheim er eit stort skår i gleda. For med siger ville Førde tatt eit langt steg nærare bronsemedaljen.

No er Blindheim for alvor med i kampen att. I femte og siste sett hadde også Førde fleire matchballar der dei kunne avgjort kampen til sin fordel.

– Det var eit unødvendig tap. Vi har god kontroll i første sett, men allereie i andre settet byrjar mottaket å svikte og stemninga blir ei heilt anna. Vi kjempar oss inn att og hadde vi klart å drepe kampen på 24–17 i fjerde sett, så hadde vi gått inn i siste sette med ei langt betre kjensle, seier Elvebakk.

Fryktar medaljen glapp

For heller ikkje eit settsiffer på 31–29 er vanleg kost i norsk volleyball. Vanlegvis blir setta avgjorde etter 25 poeng.

Tvinde meiner laget byrja å slite då Andrea Berge og Martine Viken begge måtte ut grunna ein skade dei fekk i skule-NM førre helg. Då fekk ikkje Førde spelet til å fungere godt nok.

– Det er bittert, men vi får eitt poeng og dei to poeng. Bronsemedaljen blir tung å ta no som vi har to tap for Blindheim. Men vi skal kjempe for å ta medaljen, og får ein ny kamp allereie søndag mot UiS, seier trenar Tvinde.