- Eg føreset at det lokale næringslivet kjem med 250.000 kroner innan måndag. Viss ikkje det skjer har vi ikkje finansiering, og då blir det ikkje noko av senteret, seier ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.
Næringslivet har somla
Heilt sidan 2002 har det vore jobba med planane om eit Nasjonalt Havressurssenter, men næringslivet i fiskerikommunen har somla med å støtte prosjektet økonomisk.
Spleiselag
Fiskeridepartementet har gitt frist til tysdag, skriv Fjordenes Tidende i dag. Då må pengane frå næringslivet vere på plass for at departementet skal betale ut 250.000, til forprosjektet. Vilkåret for at departementet lova desse pengane, var nemleg at kommunen, fylket og det lokale næringslivet skulle spleise. Alle andre enn næringslivet har halde det dei lova. Men fiskebåtreiar, Kåre Furnes, trur næringslivet vil klare å skaffe pengar til måndag.
Vil lokke turistar
Eit nasjonalt Havressurssenter i Måløy til hundre millionar skal presentere Norges fiskerihistorie med fokus på moderne tid. Fiskeriminister Ludvigsen har vore entusiastisk og ordførar Roger B. Silden håpar eit slikt senter kan dra turistar til kommunen samt skape nye arbeidsplassar. Om næringslivet ikkje maktar å bla opp 250.000 til måndag, stoppar ideen før forprosjektet og Silden blir svært skuffa.
- Eg blir skufa, det legg eg ikkje skjul på, seier han.