Piratpartiet med nytt fylkeslag

Piratpartiet er formelt stifta i Sogn og Fjordane. Partiet stammar frå Sverige, og kjempar mot sensur og for openheit og deling på nettet.

Øyvind Nondal frå Sogndal blir fylkesleiar. Med seg i styret får han Sturla Ellingvåg frå Florø og Ap-utbrytaren Vegard Solheim frå Naustdal. Dei satsar no på å stille liste til Stortingsvalet i haust.

– No er vi tre i Sogn og Fjordane. Vi har nettopp starta her. På landsbasis er vi rundt 100, seier fylkesleiar Øyvind Nondal.

No startar arbeidet med å lage klar ei stortingsliste. Den skal leverast i mars.

– På den lista treng vi fire kandidatar, men vi vil helst ha åtte-ni, seier han.

Piratpartiet kallar seg eit digitalt-teknologisk parti. Mellom kjernesakene er å styrkje personvernet, gjere ikkje-kommersiell fildeling gratis og fjerne internettsensur og overvakingslover som datalagringsdirektivet. Piratpartiet vil og satse på utdanningspolitikk og forsking.

Nondal seier partiet skil seg frå dei andre ved at dei er blokk-uavhengige.

– Vi beveger oss vekk frå tenkinga om ei høgreside, venstreside og eit sentrum. Det andre som skil oss, er at medlemmene kan delta i utviklinga av partiprogrammet. Dei kan røyste gjennom eit nettbasert system. Medlemmene kan også leggje inn saker og stemme dei opp, seier han.