Hopp til innhold

Personbil har køyrt av vegen på Vikafjellet

Ein personbil har køyrt av vegen og rulla rundt på riksveg 13 over Vikafjellet. Politiet fortel at det skal vere snø og veldig glatt på vegen.

Vikafjellet

– Passasjeren i bilen er kraftig forslått, men han er medviten og elles i grei form, fortel Kai Henning Myklebust ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Det var ved den nordlege enden av Skjellingvatnet, rett over grensa til Sogn og Fjordane, at uhellet skal ha skjedd.

Politiet fekk melding om uhellet litt før klokka 22 i kveld, og no har det vore ein ambulanse på staden.

– Det er store materielle skader på bilen, men føraren har ingen alvorlege skader sett bort ifrå at han som sagt er forslått, seier Myklebust.

Snø og glatt mange stader

Det er ikkje berre på Vikafjellet det kan vere glatt, og det har blitt varsla at fleire fjellovergangar kan bli stengde i løpet av helga.

Også politiet kan stadfeste at det skal vere glatt på vegane i fjellet.