Hopp til innhold

Meteorologen åtvarar mot snøstorm: – Reis fredag om du må reise i helga

Uvêr skal treffe Sør-Norge på fredag og herje fram til sundag. Det kan føre til fleire stengde fjellovergangar.

Brøyting

SNØ OG VIND: I Finnmark og Nord-Norge blir det kaldare og snøen vil legge seg, men verst blir det i Sør-Norge.

Foto: Allan Klo / NRK

– Eg vil tru at fleire av fjellovergangane vil bli stengde om vêret slår til, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Kjetil Molvær.

Det er varsla storm til helga, noko som kan råke utfarten både fredag og sundag for alle som må over fjellet. Enten vert det full vinter og kritkvit snø, eller vått og rått.

– Spørsmålet er om du treff på snø eller regn. Snø og kraftig vind er ingen god kombinasjon og skapar fort trøbbel, men samstundes kan regnet fort fryse på, seier Molvær.

Sør-Norge vil få det verste vêret dei neste dagane, spesielt skal det skal blåse godt over heile Vestlandet og Trøndelag. Nord-Norge får ikkje like kraftige byer, men det vert kaldare og snøen legg seg. Sørlandet og Austlandet slepp lettare unna.

Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl gir deg værutsiktene for helgen

SJÅ HELGEVÊRET: Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl gir deg vêret for helga. Escobar Løvdahl byr på kraftig vind i Sør-Norge.

– Reis tidleg på fredag

Må du mellom aust og vest i helga, så gjer det tidleg, åtvarar meteorologen.

– Det er best å ta turen over fjellet tidleg på fredag, før det bles opp til storm. Sjekk uansett vegmeldingane gjennom heile helga, seier meteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

På laurdagen vil vinden minke, men då vil snøbyer framleis by på vanskelege køyreforhold i fjellet.

– Høgtrykk i vest og lågtrykk i nord vil kollidere og skape mykje vind. Det roar seg på laurdag, men på sundag vil det blåse opp på nytt. Då får vi truleg storm dei mest utsette stadane på slutten av helga, seier Løvdahl.

Meteorolog Rafael Escobar Løvdahl

UVÊR TIL FJELLS: Statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl byr på snø og vind i Sør-Norge til helga.

Foto: Hanneke Luijting