Hopp til innhold

To personar skadde i sprengingsulukke

To personar blei frakta til Førde sentralsjukehus etter ei sprengingsulukke i Førde i ettermiddag.

Sprengingsuhell i Førde

SKADD: Ulykka skjedde i samband med arbeid på staden.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Begge var bevisst då dei blei køyrde til sjukehuset med ambulanse, ifølgje politiet.

– Førebels veit vi ikkje noko om skadeomfanget, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i politiet.

Meldinga om ulukka kom 17:38, og ambulanse og politi rykka ut til området som ligg på veg mot Angedalen. Det blei først meldt at ein person var skadd, men dette blei seinare oppdatert til to personar.

Samsonsen seier ulukka skjedde i samband med bygging av eit lokalt kraftverk. Politiet opprettar sak og gjer no avhøyr av andre personar som var til stades.

– Det vil også bli gjort åstadsundersøkingar, seier han.

Daglig leder for Anga Kraft AS, Sveinung Ruud, seier til Bergens Tidende at det etter forholda skal stå bra til med dei to personane.

Sprengingsuhell i Førde

TIL SJUKEHUS: To personar blei køyre til sjukehus med ambulanse.

Foto: Gro Ravnestad / NRK