Permitterer tilsette

Geværskjefteprodusenten GRS Riflestock i Hornindal har siste halve året permittert seks av dei 18 tilsette, skriv Fjordingen. Dagleg leiar Oscar Haugen seier årsaka er kort ordrehorisont grunna sesongsvingingar, noko som er normalt på denne tida av året.