Hopp til innhold

Pensjonskrig førde fram mot NAV

Medan Hydro-sjef Eivind Reiten fekk 6,9 millionar kroner i pensjon, måtte slitaren Gudbrand Ingolfsson kjempe mot både bedrifta og staten for å få pensjonen han hadde krav på.

Hydro Årdal

KAMP: Verket i Årdal har vore Gudbrand Ingolfsson sin arbeidsstad i 23 år. No kjempar han ein bitter kamp for å få pensjonspengane han har krav på.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Måndag fortalde nettavisa E24 om historia til den 64 år gamle norsk-islendingen i Årdal.

Samstundes kom også vedtaket frå NAV som gjer at han likevel slepp å måtte selje huset for å klare seg økonomisk.

– Om det er tilfeldig eller ikkje, tør eg ikkje uttale meg om, seier Gudbrand Ingolfsson til NRK.no, som no håpar det også vil løyse seg med pensjonspengane frå Hydro.

Tungt ekteskapsbrot

64-åringen har for alvor fått merke at det er skilnad på folk. For medan konsernsjef Eivind Reiten fekk nær sju millionar kroner då han pensjonerte seg i sommar, kom Ingolfsson i store økonomiske vanskar.

Gudbrand Ingolfsson

KJEMPAR: – Eg har til tider hissa meg opp, men det hjelper så lite. Ein kjem ikkje langt på den måten, seier Ingolfsson.

Foto: Privat

For det viste seg at sjølv om han fyller krava til AFP, så hadde han ikkje nok oppteningstid til alderspensjon etter den nye aldersreforma. Ingolfsson samanliknar det heile med eit tungt ekteskapsbrot.

– Hydro har vore livet mitt i 23 år, og eg har levd dag og natt med Hydro. I alle samanhengar. Det er mellom meg og Hydro som i eit ekteskap. Diverre hamnar enkelte ekteskap i retten, seier han.

Skulle selje huset

Då Ingolfsson pensjonerte seg 1. mars i år, uteblei pensjonspengane frå NAV. Det viste seg at dei måtte ta ei sjekkerunde i heimlandet Island. Noko som kunne ta opp til 12 månadar.

I mellomtida vart søknaden avslått. Med berre 4 000 kroner i månaden å leve for i pensjonspengar frå Hydro, hopa kostnadane seg opp. Han var klar til å selje huset sitt for å overleve.

– Det var eg faktisk kome i gang med og trur eg kunne fått til. Det har vore ubehageleg og eg har kome i kluss på mange måtar, men eg håpar å få ordna opp i det. Det har kosta dyrt, men pytt-pytt, det får eg vel ta på eiga kappe, seier han.

Trygg på løysing

At den tidlegare konsernsjefen fekk 6,9 millionar kroner i året å leve for, og det utan å jobbe, vil ikkje Ingolfsson meine for mykje om.

– Eg har nok med min eigen pensjon, om han og Hydro meiner at det rett, så får det så vere. Eg kan ikkje gjere noko med det, seier han og er glad for at det i alle fall har løyst seg i høve til pensjonspengane frå NAV.

Håpar

Hydro vil ikkje kommentere saka overfor NRK, men personalsjef Kari Bjørg Måren seier til E24 at dei har handsama saka på same måte som alle andre.

– Kor trygg på at det løyser seg og du får pengane du har krav på?

– No ligg det føre eit vedtak i NAV og eg veit at Hydro er så pass at dei held seg til det. Eg har ikkje tru på at noko anna skjer, seier Ingolfsson.