Hopp til innhold

Partia sine heimesider får stryk – verst ut kjem KrF

LEIKANGER (NRK) Ikkje éi av nettsidene til partia på Stortinget fylgjer minstekrava om tilgjengelegheit som politikarane sjølve vedtok i 2013. KrF er verstingen.

Heimesida til KrF

FÅR STRYK: KrF si heimeside kjem dårlegast ut i ei gransking av partia utført av Difi.

Foto: Skjermdump / krf.no

Alle partia på Stortinget får strykkarakterar i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) si statusmåling på politiske parti 2017. Dei lukkar seg for 20 prosent av befolkninga, meiner Difi.

DIFI undersøkte om nettsidene til stortingspartia er tilgjengelege for alle, også for dei med lese- og skrivevanskar eller mellombelse utfordringar, som alt frå broten arm til senebetennelse.

Har ikkje følgd opp

«Forskrift om universell utforming av IKT» gjorde Norge til eit føregangsland då den vart vedteken. Men dei politiske partia på Stortinget har ikkje følgt opp det dei sjølv vedtok.

– Vi har målt korleis folk kjem seg rundt på nettsida, om dei kan bruke tastatur og mus. Så har vi sjekka dialogen mellom partia og brukaren. Og vi har målt koding og kontrast.

– Det siste er viktig for folk med dårleg syn, men også for alle som les ei nettside ute i sollyset. Kodinga er viktig for å forstå kvar ein er på nettsida, fortel avdelingsdirektør Malin Rygg ved DIFI.

Thea Handal Sneve

SJEKKA NETTSIDENE: Thea Handal Sneve var ein av teknologane i Difi som undersøkte nettsidene.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Alle skal med

Norge har bestemt at alle skal få delta i den digitale kvardagen. Det er grunnen til forskrifta og tilsynet Difi fører med den.

Verst ut av undersøkinga kom Kristeleg Folkeparti. Nettsida stettar 31 prosent av krava. Arbeidarpartiet er best med 81 prosent, ifølge undersøkinga.

Men ingen av partia når altså minimumskravet dei sjølv sette.

Kommunikasjonssjef Mona Høvset i KrF er overraska over at partiet kjem dårlegast ut.

Mona Høvset

OVERRASKA: Kommunikasjonssjef i KrF, Mona Høvset.

Foto: Daniel Mork

– Det var jo nettopp forskrifta som låg til grunn då vi bestilte ny nettside i 2015. No vil vi sjå kva Difi har funne ut, og ta dei grepa vi må, seier Høvset.

Avdelingsdirektør Rygg i Difi seier dei fleste i løpet av livet vil oppleve å møte hindringar på nett.

– Det betyr at alle vil ha nytte av at krava til utforming av nettsider blir fylgde, seier Rygg.

Går på medvit

Aller dårlegast er partia på skjema. Rygg tykkjer det er overraskande fordi dialogen med dei som brukar nettsidene burde vere viktig for partia. Som til dømes moglegheita folk har til å melde seg inn i partia.

– Kvifor er det slik?

– Vi trur grunnen er at partia ikkje har sett seg inn i forskrifta. Noko kan dei rette opp alt i morgon. Og mange ting går på medvit. Ein må vite korleis ein faktisk gjer dette.

Malin Rygg

DIFI: – Mange opplever hindringar når dei skal søke etter informasjon på nettet, seier avdelingsdirektør Malin Rygg i DIFI.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Ho meiner forskrifta er viktig.

– Hugs at dersom den ikkje blir følgd, kan nettsida stenge ute opp til 20 prosent av befolkninga. Det tenkjer eg ingen vil. Eg reknar med at politiske parti ynskjer å nå så mange som mogleg, seier Rygg.