Det kjem fram i boka "Opp som ein bjørn - historia om Pan Fish" som vart lansert måndag.
- Lovleg men tvilsamt
Forfattar, IntraFish-journalisten Aslak Berge, meiner to av gründerane tente pengane på ein tvilsam måte. Eit aksjesal i september 2001 gav to av gründerane i Pan Fish, konsernsjef Arne Nore og styreleiar Bjarte Tunold store delar av dei 270 millionane. Då kjøpte moderselskapet Pan Fish tilbake aksjar frå dei utskilde dotterselskapa Pan Marine og Pan pelagic der konsernsjefen og styreleiaren var dei største aksjonærane. Ein handel forfattaren meiner er lovleg, men tvilsam.
- Dei aksjane hadde nok vore vanskelege for dei å selje, utan at børskursen hadde kollapsa. Det var ganske få interessentar for aksjane. Så du kan sei at selskapet overførte pengar frå kassen og over i aksjonærane sine lommer, seier Berge.
Tapte 4,7 milliardar
Dei to påfølgjande åra, i 2002-2003 tapte laksekonsernet Pan Fish 4,5 milliardar kroner. Ser ein bort frå 90-talets bankkrise har det knapt nok vært ei større økonomisk elende i norgeshistoria, hevder Berge i den uautoriserte biografen "Opp som ein bjørn - historia om Pan Fish.
Det var ikkje berre Pan Fish som opplevde den store vekst og fall kurva i næringa. Forfattaren kunne ha skreve liknande historie om andre oppdrettsselskap. Men Pan fish var av dei mest oppsiktsvekkande, og det fekk store konsekvensar for næringa, meinar Berge.
Og med høge lakseprisar var Pan Fish verdsett til ufattelege 10 milliardar kroner då aksjen var på topp. Forfattaren meiner konsernsjef Arne Nore og styreleiar Bjarte Tunold snakka Pan aksjen varm for aksjekjøparane.
Det har ikkje lukkast NRK Sogn og Fjordane å få kontakt med nokon av dei tre gründerane for kommentar.