Pan Fish-historia i bokform Arne NorePan Fish gründerane, Arne Nore, Bjarte Tunold og Arne Barmen, alle opphavleg frå Vågsøy, kom seg ut av lakseselskapet med over 270 millionar kroner, rett før selskapet tapte 4,5 milliardar kroner.
Forlik mellom Nore og DnB Det blir ikkje noko av rettssaka som Den Norske Bank reiste mot Pan Fish-gründeren Arne Nore.
Rekordtap for Pan Fish Oppdrettsselskapet Pan Fish har fått tidenes dårlegaste årsresultat for eit fiskeriselskap. I fjor gjekk dei med 2,65 milliardar kroner i underskot.
Bankane eig Pan Fish Bankane eig nær 80 prosent av Pan Fish. Det syner ei aksjonærliste som IntraFish har henta ut etter aksjeutvidinga.
Pan Fish byggjer fiskefôrfabrikk Det nye styret i Pan Fish har endeleg avgjort å byggje ein ny fiskefôrfabrikk i tilknyting til Måløy Sildoljefabrikk. Den nye fabrikken skal vere ferdig om vel eitt år og kjem til å skaffe Måløy 20 nye arbeidsplassar.
Pan Fish-aksjonær rasar Tidlegare storaksjonær i Pan Fish, Andreas Grimelund frå Bergen, rasar mot DnB og Nordea.
Pan Fish berga Generalforsamlinga i Pan Fish vedtok ein ny avtale som betyr at bankane no kontrollerer 80 prosent av selskapet. Gabriel Smith er vald til ny styreleiar i det kriseråka selskapet. Det vart eit fleirtal på generalforsamlinga for å godta ein ny refinansieringsavtale med bankane.
Pan Fish i djup krise Oppdrettsselskapet Pan Fish er i djup krise. Selskapet har i dag gitt melding om at dei ikkje kan betale eit obligasjonslån som har forfall 17. desember.
Stortap på Pan Fish Ekteparet Kari Anne og Leif Slagstad i Gloppen har tapt stort på oppdrettselskapet Pan Fish. Aksjeverdiane i oppdrettselskapet har rasa siste året, og aksjonærane har tapt milliardar av kroner.