Hopp til innhold

Pågripne for innbrot

To personar er pågripne og mistenkte for to innbrot i Florø natt til i torsdag.

Frå to ulike bedrifter har mennene teke med seg to digitale fotoapparat.

Politiet set desse innbrota også i samanheng med eit innbrot i Flora samfunnshus 12. mai.

Begge karane er er i slutten av tenåra og gamle kjenningar av politiet. Dei sit no i politiet si varetekt, medan dei ventar på å verte avhøyrde.