Leiar i Landsforeningen for Overvektige, Rita Zimmer, er skuffa og meiner gruppa vert ein salderingspost. -Og legar og helsepersonell tar dette heller ikkje alvorleg når ikkje departementet og Rikstrygdeverket gjer det. Så det får konsekvensar langt ned i systemet når det ein ein slik haldning på øverste plan, seier Zimmer.
Unik operasjon her i landet
Som det einaste i landet har Førde sentralsjukehus til no kunne tilby ein spesiell type operasjon av overvektige. Operasjonane er dyre, og sjukehuset søkte helsedepartementet om støtte.
Men her vart det blankt avslag, og sjukehuset hadde ikkje anna val enn å kutte tilbodet. Dermed må pasientane no i staden sendast til for eksempel Sverige og Spania, og Rikstrygdeverket må betale dobbelt så mykje.
Mange interesserte
Mange har nytta seg av tilbodet. Og heile 114 har søkt om slik operasjon, seier avdelingssjef på sentralsjukehuset i Førde, Nils Sletteskog. Han skjønar godt skuffelsen blandt dei overvektige. -No er dette ei gruppe som ofte møter negative haldningar så dette kjem jo på toppen.