På generalforsamlinga fredag ettermiddag overtok dei såleis kontrollen over heile fiskeindustri-verksemda, og det første dei gjorde var å seie opp dagleg leiar Asbjørn Nordbø.
For å sikre framtidig drift av Måløy Seafood gjekk dei inn med to millionar kvar, slik at aksjekapitalen no er på fjorten millionar kroner.
Har tapt millionar
Såleis har dei to skaffa seg kontroll over ei verksemd som til liks med andre i næringa har tapt millionar på mottak av sild og makrell. Sidan januar, då Global Fish trekte seg som hovudaksjonær, har det vore jobba med å sikre Måløy Seafood, som i sesongane sysselset 30 produksjonsarbeidarar.
Ny dagleg leiar
Roger Skavøypoll er mannen som blir ny dagleg leiar av Måløy Seafood. Han har til i dag arbeidd som produksjonsleiar og er i tillegg partifelle med Arbeidarparti-ordførar og no eigar, Roger B. Silden.
Oppseiinga av Asbjørn Nordbø forklarar Silden som nødvendig rasjonalisering. Frå i dag blir det fire fast tilsette i selskapet.
Roger B. Silden sat i styremøte til seint i ettermiddag, og kunne såleis ikkje kommentere den nye situasjonen. Men synleg for alle er at dagens grep er gjort i håp om å tene pengar og for å sikre viktige arbeidsplassar.