Hopp til innhold

Over 1000 vil bli trainee

Framtidsfylket har fått inn heile 1020 søknader til årets 19 traineestillingar. 103 av søkjarane vil til Fjord1.

Trainee-samling på Svanøy

POPULÆRE STILLINGAR: Mange unge vil prøve seg som trainee ved bedrifter i Sogn og Fjordane.

Foto: Framtidsfylket

I fjor var det 550 søkjarar, som var ei massiv auke frå året før, skriv Framtidsfylket i ei pressemelding.

– Dette er attraktive stillingar i spennande verksemder. Vi har prøvd å møte potensielle søkjarar der dei er, på deira plattformer, og vi har nådd mange, fortel Gro Rukan som er dagleg leiar i Framtidsfylket.

Frå heile landet

25 prosent av årets søkjarar er frå Sogn og Fjordane, resten kjem frå andre stader i Norge.

– Vi har hatt svært stor pågang frå heile landet. Vi har no hatt traineeprogram i 12 år og karrieremesser i 10 år, og eg trur den langsiktige satsinga verksemdene har lagt ned, er ein viktig årsak til at fleire oppdagar moglegheitene i Sogn og Fjordane.

Rukan trur også at ein usikker jobbmarknad er medverkande til det høge søkjartalet.

– Mange unge vi har snakka med på karrieremessene, fortel om ein svært pressa jobbmarknad – spesielt for nyutdanna. Det gjer at ein må tenkje nytt, og då skal vi vere klare til å vise dei kva fylket har å by på, fortel Rukan.

To traineekull

Det er stillingane i Fjord1 og Sparebanken Sogn og Fjordane som har fått flest søkjarar. Totalt har 17 bedrifter søkt etter kandidatar. Fjord1 hadde heile 103 søkjarar til si stilling innan teknologi, innovasjon og fornybar energi. Sparebanken Sogn og Fjordane hadde 101 søkjarar.

– Jamt over er det kome mange søkjarar til dei fleste stillingane. Vi ser at det er vanskelegare å nå tak i IT-utdanna, men vi er svært nøgde med både søkjartal og kvaliteten på søkjarane. Det viser at det nyttar å satse i fellesskap, seier Rukan.

No skal verksemdene i gang med søkarprosessen og finne sine kandidatar. Rukan satsar på at det vert to traineekull neste år.

– Vi håpar at flest mogleg får full klaff med sine kandidatar, så vi kan rekruttere dobbelt så mange traineear til Sogn og Fjordane, seier ho.