Hopp til innhold

Ortopedien var unntatt frå avtale

Ortopediklinikken i Lærdal hadde unntak frå innkjøpsavtalen i Helse Vest om innkjøp av ortopedisk utstyr.

Avtalen
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Knut O. Aarethun
Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Dette set pressemeldinga frå Helse Vest om mogleg brot på lova om offentleg innkjøp i eit underleg lys, seier lærdalsordførar Knut O. Aarethun.

- Det ligg føre ein avtale der det står at klinikken i Lærdal ikkje tiltrer umiddelbart, men vil kunne tiltre. Det er klart at vi spør oss kva som skjer når dei går ut og skuldar både lege og sjukehus, seier han.

- Er rysta

Helse Vest gjekk sist veke ut med ei pressemelding der dei skreiv: "Leiinga i Helse Vest er orientert om at det ved Ortopediklinikken ved Lærdal sjukehus blir brukt utstyr og materiell som er kjøpt inn utanom dei etablerte innkjøpsavtalene. Forholdet kan dermed vere brot på lov om offentlege innkjøp".

Bente Øien Hauge i sjukehusaksjonen, er rysta.

- Har Helse Vest gått ut med pressemelding om at ortopediklinikken kan ha brote innkjøpsavtalane og så har dei ikkje gått bort i hylla og teke ut permen der avtalane står? Dei måtte jo har gjort det før dei gjekk ut og skandaliserte overlege Truls Jellestad og ortopediklinikken, seier ho.

Kjende ikkje til unntaket

Informasjonsdirektør Bjørg Sandal vil ikkje kommentere saka no, men viser til den avklaringa som ho ventar granskinga vil gje.  Ho seier ho sjølv ikkje kjende til det punktet som gjev ortopedien i Lærdal unntak frå den generelle innkjøpsavtalen i Helse Vest. 

Firma tok kontakt

Det er firma Smith & Nephew som leverer kneprotesar til den behandlingsforma som ortopediklinikken i Lærdal brukar. Dette selskapet ønskjer ikkje å kommentere avtalen, men Knut O. Aarethun har fått lov å sitere marknadssjef Per Odd Hegle på at firmaet to gonger har kontakta den innkjøpsansvarleg i Helse Vest om å få leveransane frå Smith & Nephew inn som del av Helse Vest sin totale innkjøpsavtale. Kvar gong har dei fått melding om at kneprotesane skulle vere utanfor avtalen.

- Kunne vore gjort smidigare

Clara Øberg
Foto: NRK

- Innkjøpssaka ved ortopediklinikken i Lærdal kunne vore handtert betre. Det seier styreleiar Clara Øberg i Helse Førde.

Etter alt oppstyret dei siste dagane, vedgår ho at dei burde gjort ting på ein meir smidig måte. Øberg understrekar likevel at det var riktig å informere Helse Vest om dei opplysningane som var i saka.