- Eg har hatt ein god vinter, fått trent godt og vore skadefri. Og når eg no slepp til på skikkeleg gras, kjem eg meir til min rett enn på kunstgras, seier Tommy Øren sjølv. Og dei 400 på tribunene fekk sjå ein Tommy Øren som skåra, leika og sprudla som han ikkje har gjort på dei fire åra som har gått sidan skademarerittet starta på Molde stadion.
Angreip i eitt sett
Og det Sogndal viste søndag var betryggande. Rett nok viste Løv-Ham takter som tyder på at Bergens-laget kan bli ein kasteball i 1. divisjon. Sogndølene angreip i eitt sett, og målskårarane Tommy Øren og Ole Hjelmhaug var dei beste.
Kampfakta:
1-0 Tommy Øren, 29 min.
2-0 Tommy Øren, 36 min.
3-0 Ole Hjelmhaug, straffe, 65 min.
4-0 Tommy Øren, 76 min.
Sogndal:
Terje Skjeldestad, Kurt Heggestad (Flugheim frå 78), Kjetil Ruthford Pedersen, Børre Steenslid, Ole Hjelmhaug (Tangedal frå 78), Joel Cedergren, Tommy Knarvik, Rune Bolseth (Breidvik frå 78), Tommy Øren (Hellesund frå 78), Håvard Flo , Anders Stadheim