Hopp til innhold

Ordføraren i Aurland til innbyggjarane i Flåm: – Evakuer til Fretheim hotell

Flåmselvi har gått over breiddene. Situasjonen i Flåm eskalerer. Ordførar Noralv Distad (H) ber folk som kan om å evakuere.

Det fløymer fleire stadar i Flåm

Foto: Arne Veum

– Dei som føler seg utrygge bør no dra til Fretheim hotell så raskt som mogleg. Vatnet stig ytterlegare og situasjonen blir forverrra. Dei som kan, må dra til Fretheim hotell, seier ordføraren klokka 18.45.

Dei som treng hjelp kan ringe 57 63 29 0057 63 29 00. Der kan kommunen ta i mot spørsmål om hjelp eller yte assistanse.

– Dei som ikkje kan forflytte seg til Fretheim hotell, men som er utsett til, bør flytte til naboar eller tryggare plass. Vurder situasjonen og ta forholdsreglar, oppmodar orføraren

Noralv Distad

ORDFØRAR: Noralv Distad (H) seier det er ein dramatisk situasjon i Aurland.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kommuneleiinga har no sett krisestab. Dei ulike etatssjefane, med politiet, brannvesen, raude kors og andre er samla. Sivilforsvaret bidreg også.

Flåm skule vil halde stengd onsdag. I tillegg er skulebåten innstilt onsdag.

Flåmsbana er stengd, og Flåm er isolert grunna stengde vega. Også bygda Underdal er isolert.

– Alle må ta forholdsreglar

Bygda Underdal er heilt isolert.

– Folk i Underdal har mista vegsambandet og er redde for at det skal kome mykje vatn ned dalen til husa. No snakkar me med dei, slik at dei kan organisere korleis dei skal takle det, seier Distad.

Oppmodinga frå ordføraren er klar.

– Alle må ta forholdsreglar, når det kjem slike kolossale vassmengder. Det gjeld også andre stader i kommunen som er råka. Me har helsepersonell og heimesjukepleien klar, og har båt liggande klar. Me prioriterer liv og helse.

(Artikkelen held fram under videoen)

Veg vekke i Underdal

VASKA VEKK: Vegen til Underdal vart vaska vekk. (FOTO: DAVID UNDERDAL)

Stengd mange stader

- Vegen til Flåmsdalen er stengd på grunn av skred og flaum
- E16 mellom Aurlandsvangen og Flåm er stengd pga fare for ras
- Brekke-sida i Flåmsdalen
- Veg langs campingplass
- Veg ved bryggeriet
- Veg til Undredal er stengd på grunn av skred og flaum.

- Brua til Flåm skule er teken av flaum.

- Bru frå E16 mot Orøyane(under E16), ved gamle samvirkelaget er råka av flaum.
- Bru ved A-feltet er usikker.Ved Høga brui og Kårdal bru må ein vera forsiktig.

– Ikkje køyr over bruer

– Det er voldsomt stor vassføring både i Flåm og andre stader i kommunen. Det er stengde vegar, det er øydelagde bruer. Det er krevjande både å få oversikt og sette inn tiltak, seier ordførar Noralv Distad.

(Artikkelen held fram under videoen)

I løpet av dagen har Flåmselvi stige kraftig og gått over breiddene sine. Det skal ha gått fleire ras i kommunen og mange vegar er stengde som følgje av flaumen. To bruer er tekne.

– I tillegg har vi usikre bruer i sentrum, brua ved Flåm skule og bruer lenger oppe i dalen. Ingen må ta sjansen på å krysse ei bru, utan at ein er heilt sikker på at den er sikker, seier ordføraren.

Flåm isolert

Bru teken i Aurland.

TEKEN: Flåmselvi har teke ei bru, og gjort fleire bruer usikre.

Foto: Lars Arne Stundal

– Me har fått melding om at vatnet stig sterkt, og det har og vore ras ute i elva oppe i Flåmsdalen. Det er ein alvorleg situasjon, fortalde Distad tidlegare i dag.

Flåmsbana er stengt, og passasjerane frå eit tog er evakuerte og frakta ut av området. Begge vegane opp i dalen er stengte.

– Flåmsbana er stengt, det er vurdert at den ikkje lenger kan gå. Det er ikkje råd å komme opp Flåmsdalen, og vegen på Brekke-sida av Flåmselvi er og stengt. Me har høg vasstand nedover heile vegen.

– Elevane er sendt tidleg heim frå skulen. Det er ein kritisk situasjon for mange, seier ordføraren.

Jobbar med å få oversikt

Flåm stasjon under vatn

UNDER VATN: Flåm stasjon i Aurland står under vatn.

Foto: Arne Veum

Ordføraren og andre mannskap jobba tidlegare i ettermiddag med å få oversikt og få mannskap på plass som kan hjelpe dei som bur i området.

– Vi skal ikkje overdramatisere. Men vi vil be folk om å ikkje bevege seg ut dersom det ikkje er heilt naudsynt. Dersom vatnet held fram med å stige er det fare for at det kjem inn i hus. Folk må vere påpasselege, sa ordføraren tidlegare i dag.

Kommunen har no teke kontakt, og bede politiet og sivilforsvaret om bistand. I tillegg har dei kontakt med jernbaneverket og kraftselskapet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaum Flåm

STENGT: Biletet av den høge elva er teke 14.30. No er vegen stengt. Skulelevane vart køyrt tidlegare heim.

Foto: Arne Veum

Aldri sett elva så høg

Evald Knudsen bur i området, og seier situasjonen er unik. Han bur like ved NVE sin målestasjon, 2 kilometer opp i dalen.

– Slik ståda er no er vasstanden meget høg. Eg har aldri sett elva så stor så lenge eg har budd her, og eg har budd her sidan 1972. Vasstanden går litt opp og ned. No ligg den på 120 kubikk i sekundet.

– Kor mykje vatn er det?

– 130 kubikk i sekundet er det same som 130.000 liter i sekundet. Det er voldsomme mengder. Vatnet flommar langt innover bøane her eg bur, seier Knudsen.

Det er ikkje fare for Knudsen sitt hus så langt, men andre har fått merke det.

– Det er ein litt lenger oppe her som har problem med vatn i kjellaren, seier Knudsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaumstor Flåmselvi truar Flåm

ALVORLEG: Allereie tidlegare tysdag hadde Flåmselvi gått langt over sine breidder og nærma seg stavkyrkja i Flåm.

Foto: Noralv Distad

Reiste heim tidleg tysdag

Ordføraren reiste tysdag frå møte i Loen til heimkommunen Aurland.

– Når det er ein flaum av dimensjonen som her, så er det rett av meg å vere tilstades og sjå kva som skjer, seier Distad til NRK.no.

For Flåmselvi har gått over breiddene og kommunalt tilsette, brannmannskap og dei som kan jobbar på spreng for å redusere skadene.

– Elva er sjeldan høg. Vi har måtte stengje vegen til Flåmsdalen, og folk frå kommunen er i gang med å leggje opp sandsekkar for å stenge vatnet ute, så det ikkje gjer ytterlegare skade, seier Distad.

Regn og snøsmelting

Distad har også fått melding om enkelte som har fått vatn i kjellaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flåmsdalen i vatn

FLAUM: I Aurland blir det nytta sandsekkar for å hindre ei flaumstor Flåmselvi å gjere skade.

Foto: Arne Veum

– Dette blir følgt opp. Vi har også hatt synfaring langs vegen og jernbanelina. Førebels ser ikkje elva ut til å grave eller gjere skade på desse, men vi må vere obs heile vegen, seier han.

Store nedbørsmengder kombinert med snøsmelting i fjellet som har gjort elva flaumstor.

– Vassføringa er kolossal. Det er først og fremst inn mot Flåmsdalen, og nede i Flåm vi har utfordringar. I sentrum er elva berre nokre få centimeter frå å nå opp i vegen, seier Distad.

– Må følgje med

Noralv Distad

ORDFØRAR: Noralv Distad var på møte i Loen, men reiste tilbake til Aurland då Flåmselvi byrja å ta seg opp.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ordføraren seier kommunen følgjer situasjonen tett.

– No er det folk som følgjer nøye med på situasjonen og kva tiltak dei kan gjere. Vi har ikkje registrert stader der elva har byrja å grave i breidda, men det er absolutt naudsynt å følgje situasjonen nøye, avsluttar Distad.