Hopp til innhold

Ordførar Svarstad slår tilbake

Bremangerordføraren vedgår at han ikkje gav tilstrekkeleg informasjon i terrasaka.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger
Foto: Torje Bjellaas / NRK

LES OGSÅ: Eig ikkje lenger obligasjonane

LES OGSÅ: Varslar meir tvangssal

Ordføraren, Kåre Olav Svarstad, fekk i går flengande kritikk frå kommunepolitikarane i Bremanger.

Tek til seg kritikk

Svarstad tek sjølvkritikk, men meiner han skal klare å få tilbake tilliten han har mista. Fleire av politikarane meiner ordføraren si handtering av saka er eit angrep på demokratiet.

- Den kritikken tek eg fullt innover meg. Samstundes er det informasjon som ikkje har kome til ordføraren som gjorde at han ikkje kunne stille dei rette spørsmåla, seier han.

- Grovt angrep

Kritikken mot ordføraren kom då kommunestyret skulle handsame kontrollutvalet sin kritiske rapport om Terra-saka. Både Jorun Frøyen frå Høgre og tidlegare ordførar Einar Kjerpeseth frå Senterpartiet gjekk langt i å uttrykke mistillit til ordføraren.

- Det er ikkje særleg tillitsvekkande når du ikkje får informasjon som du bør ha og som er naudsynt for å kunne gjere deg opp ei meining om ei sak. Det ser eg på som eit grovt angrep mot demokratiet, seier Frøyen.

Det er venta at kommunestyret ETTER handsaminga vedtek kva dei meiner om ordførar og rådmann si handtering av Terra-saka.