Longva er redd slike negative haldningar legg ein dempar på andre delar av næringslivet.
Dessutan fryktar han at det skremmer vekk unge frå å bli verande i bygda.
Skjer mykje
Longva meiner det skjer så mykje i Høyanger på næringslivssida for tida at det ikkje går an å sjå så svart på alt. Han har god tru på at blant andre Eras, Fundo og Overflateteknikk er på god veg oppover og vil kompensere for arbeidsplassar som forsvinn.