Hopp til innhold

Opseth kan skyte seg oppover eksklusiv liste

Kristian Fardal Opseth (25) er allereie høgt på lista over dei skarpaste målscorarane Sogndal har hatt sidan tusenårsskiftet. Lenger nede i saka kan du sjå heile oversikta.

Giftige målscorarar i Sogndal

MÅLFARLEGE Tommy Øren, Alexander Ødegaard og Håvard Flo var alle giftige målscorarar for Sogndal. Men med fem kampar igjen av sesongen kan Kristian Fardal Opseth toppe dei alle saman.

Foto: Montasje / NRK

Opseth scorar mest på bortebane og når Sogndal i morgon møter nedrykkstrua Åsane kan kaupingen skyte seg forbi fleire tidlegare målkongar.

For berre Kurt Mørkøre, Tommy Øren, Alexander Ødegaard og Håvard Flo har scora fleire mål i løpet av ein sesong dei siste femten åra. Og enno er det fem kampar igjen av sesongen.

– Det var eg ikkje klar over, seier ein noko overraska Opseth då NRK.no konfronterer han med statistikken.

Laster innhold, vennligst vent..

Fenomenet Mørkøre

Held Opseth oppe målsnittet i dei fem resterande kampane (3,3 mål vil vere rett utteljing), vil han berre ha ein bakar frå Færøyane framfor seg på lista.

Kristian Fardal Opseth

MÅLSNIK: Kristian Fardal Opseth har scora 13 mål så langt i sesongen, 8 av dei på bortebane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Akkurat fenomenet Kurt Mørkøre er det vanskeleg å gjere noko med. I 2000 scora han nemleg 20 mål på 23 kampar i 1. divisjon. Det er eit snitt på 0,87 mål per kamp, det desidert høgaste dei siste femten åra.

Då var Opseth berre ti år gamal og det er ikkje mykje han hugsar frå den tida.

– Nei, det er fint lite må eg innrømme, seier Opseth.

Nest best målsnitt har Håvard Flo. Året etter Mørkøre sin fantomsesong scora Flo 8 mål på 11 kampar, som er eit snitt på 0,73 per kamp, og då i eliteserien. Flo har dessutan vore toppscorar fem av dei siste femten sesongane for Sogndal.

Kurt Mørkøre

MÅLSNIK: Kurt Mørkøre (i midten) blir gratulert av Anders Stadheim (frå venstre), Rune Bolseth og Alexander Ødegaard etter å ha sendt Sogndal i føringa mot Vålerenga. Det året scora Mørkøre 20 mål.

Foto: Tore Berntsen / VG/NTB Scanpix

Tenkjer berre på opprykk

Håvard Flo er no sportssjef i klubben, men ifølgje Opseth er han ikkje den verste til å skryte over gamle bragder.

– Han pratar ikkje voldsomt om det. Tommy er nok litt flinkare til å fortelje gode røvarhistorier frå då han spelte, men Håvard kan kanskje smile litt når vi ser på gamle klipp han er fornøgd med, seier han.

Håvard Flo

MÅLSNIK: Håvard Flo er den spelaren for Sogndal som har vore toppscorar flest gonger dei siste 15 åra.

Foto: Sander Heggheim / NRK

I årets førstedivisjon knivar Opseth med Pontus Engblom på Sandnes Ulf om toppscorartittelen. Opseth har 13 mål, medan Engblom har scora 15. Opseth skil seg ut ved at han scorar mest på bortebane. Åtte mål på ti bortekampar luktar det Mørkøre-klasse over.

Men verken toppscorartittelen eller å klatre på lista over dei mest målfarlege spelarane til Sogndal er noko Opseth tenkjer noko særleg på. Det er opprykket alt handlar om.

– Kvar gong eg går ut på bana så forventar eg å score mål, men du må ikkje tenke for mykje. Då pleier det ikkje gå så bra, seier Opseth.

Her er Sogndal sine mest målfarlege etter år 2000:

  1. Kurt Mørkøre, 20 mål, 0,87 i snitt (1. divisjon 2000)
  2. Tommy Øren, 16 mål, 0,67 i snitt (1. divisjon 2000)
  3. Alexander Ødegaard, 15 mål, 0,60 i snitt (Eliteserien 2004)
  4. Håvard Flo, 15 mål, 0,58 i snitt (1. divisjon 2007)
  5. Kristian Fardal Opseth: 13 mål, 0,62 i snitt (1. divisjon 2015)
  6. Håvard Flo, 13 mål, 0,50 i snitt (Eliteserien 2003)
  7. Espen Olsen, 12 mål, 0,44 i snitt (1. divisjon 2010)
  8. Håvard Flo, 12 mål, 0,43 i snitt (1. divisjon 2006)
  9. Ulrik Flo, 10 mål, 0,37 i snitt (Eliteserien 2012)
  10. Malick Mane, 10 mål, 0,34 i snitt (Eliteserien 2013)
  11. Tarjei Dale, 9 mål, 0 35 i snitt (1. divisjon 2009)
  12. Mahatma Otoo, 9 mål, 0,33 i snitt (Eliteserien 2014)
  13. Håvard Flo, 8 mål, 0,73 i snitt (Eliteserien 2001)
  14. Kai Risholt, 8 mål, 0,40 i snitt (1. divisjon 2008)
  15. Håvard Flo, 8 mål, 0,32 i snitt (Eliteserien 2002)
  16. Anders Stadheim, 6 mål, 0,32 i snitt (1. divisjon 2005)
  17. Ørjan Hopen, 6 mål, 0,30 i snitt (Eliteserien 2011)

(Lista er basert på toppscorarane til Sogndal for kvar sesong. Unnataket er Tommy Øren, som måtte sjå seg slått av Kurt Mørkøre i 2000, men likevel er nest best på lista.)

Kjelder: www.nifs.no, altomfotball.no.