Oppussing av skule må vente

Elevane på Sande skule i Gaular må truleg halde ut med asbest i taket og maur i veggane i nokre år til. Nybygg eller rehabilitering av skulen er føreslått utsett i nye Sunnfjord kommune sin første investeringsplan, skriv Firda. Pengane kjem, men mesteparten blir ikkje tilgjengeleg før i 2023.