NRK Meny
Normal

Opprettar to nye asylmottak i Hyllestad

Norsk Mottaksdrift skal etablere to mottak i Hyllestad og ta i mot til saman 80 einslege mindreårige asylsøkarar.

Tidl. Øn skule i Sørbøvåg

BLIR ASYLMOTTAK: Tidlegare Øn skule i Sørbøvåg er eit av bygga som no blir omgjort til asylmottak.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det er tildelt to kontraktar i Hyllestad, den eine i Leirvik og den andre i Sørbøvåg, begge med førti plassar og begge skal drivast av Norsk Mottaksdrift, seier Sissel Mehammer i UDI.

Asylmottaka skal etablerast i to tidlegare barnehagar og skular, som i det seinare har vore tilrettelagde for gjestearbeidarar ved verftet i Hyllestad. Det seier ordførar Morten Askvik, som er positiv til planane.

Morten Askvik

POSITIV: Ordførar Morten Askvik er budd på å ta vel i mot dei vel 80 asylsøkjarane som kjem.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har vore klar over det ei tid og bidrege med å gjere dei vedtaka vi skal, seier han.

Datoen for når mottaka vil vere i drift er enno ikkje kjent, men truleg vil det skje ein gong på nyåret. Ordføraren føler uansett at kommunen er budd på det som ventar. Og håpar innbyggjarane er det same

– Eg vil oppmode alle i Hyllestad til å ta godt imot dei asylantane som kjem, seier han.